MIDSUND: Då formannskap og administrasjon kom på synfaring ved Antonbua måndag, var det omstridde naustet rive. På plassen låg det som før hadde vore naust, som ein haug med treverk og bølgeblekk.

Utsett nokre dagar

Gravemaskina frå Blø Bygg utførte rivinga på oppdrag frå kommunen. Eigentleg var datoen for riving sett til å vere førre veke, men av praktiske årsaker vart naustet rive måndag formiddag, ifølgje ordførar Odd Helge Gangstad.

Fornøgd ordførar

– Det blir bra dette! No kan vi endeleg komme i gang med å få utvikla området vidare, kommenterte ordførar Gangstad.

Også andre i følgjet uttrykte at dei var tilfredse.

– Var i dialog

Gangstad opplyste at kommunen i forkant av rivinga hadde vore i dialog med Reidar Midsund som har brukt naustet som lokale for deler av si kystkultursamling.

– Vi varsla om dato for rivinga, og naustet var tømt før rivinga kom i gang, opplyser Gangstad.

– Kor har det som var inne i naustet teke vegen?

– Det har eg ikkje oversikt over, seier Gangstad.

– Det var tidlegare snakk om anke i samband med usemja rundt leigeforholdet – var dette da lagt bort?

– Ja, no er naustet bokstaveleg tala ute av verda. Vi ser no fram til å få ordna dette området i sentrum, både praktisk og visuelt, sa Gangstad.

Skal fylle ut

Planen er no å fylle ut i sjøen og planere meir av området ved Antonbua.

– No legg vi til rette for satsing på Midsund som fiskeri- og maritimt senter i den nye kommunen. Vi har håp om og tru på at Midsund blir eit slikt ressurssenter i nye Molde kommune, seier Gangstad.

– Klaffar bra

Han poengterer dette området må sjåast i samanheng med resten av sentrum, som også skal rustast opp.

– No får vi på plass utfyllinga ved Antonbua, samtidig som det nærmar seg at arkitektane kjem med sine forslag. Det klaffar bra, seier Gangstad.

NEDE: Naust i knas - slik det såg ut etter rivinga måndag. Foto: ANITA VINGEN
Formannskapet i Midsund på synfaring ved Antonbua. Foto: Anita Vingen