– Håpet er at gjengen skal få tileigna seg så mykje teknisk kunnskap at dei kan få gjere om det dei har i hovudet til musikk.

Målsetninga til kursleiar Gjøran Sæther er krystallklar – det er mykje som skal lærast før det blir musikk av det, men dei sju gutane som deltek på Aukra kulturskole sitt nyaste tilbod, elektronisk musikkproduksjon, er full av inspirasjon og pågangsmot.

Vil leve av musik og data

– Eg likar spell-musikk og har lyst å lage slik sjølv, fortel Julian Dale Hjertvikrem.

– Eg har lyst til å leve av å lage musikk på data, fortel Theodor Midthaug-Vågøy. Han har eigen YouTube-kanal med over 50 følgarar, og der kan han legge ut det han lagar.

– Det er ikkje så vanskeleg – enda, jaffal. Men det er litt vanskeleg å følge med på instruksane til Gjøran, av og til, innrømmer dei.

Framtida

Jamaldringane Adrian Edvardsen, Scymon Dolmat og Dawid Staniszawski snakkar lavmælt saman medan dei prøver å få lyd frå MIDI-keyboardet, gjennom pc-en og inni øyreklokka. Utstyret, bortsett frå berbar pc, er lånt ut av kulturskolen.

– Artig å prøve noko nytt, smiler dei tre gossingane, som til dagleg er å går IKT og automasjon på Romsdal vidaregåande skole.

Ole Kristian Malmedal er lærar ved Aukra kulturskole og synest det nye tilbodet innan musikkproduksjon er spennande:

– Dette er ganske unikt og nok heilt anna enn det meir tradisjonelle tilbodet vi gir ved skolen, smiler han.

– Det er spesielt fint at vi har denne kompetansen på øya – dette er jo framtida!

Sju elevar

Elektronisk musikkproduksjon er for deltakarar frå 8. klasse og oppover, og denne gongen fekk altså sju elevar plass.

– Kulturskolen spurte om eg hadde anledning til å køyre eit kurs, og det kunne eg jo. Dei har kjøpt inn alt utstyret vi treng for å lære vidare. Eg håper elevane lærer nok til å kunne gjere om det dei har i hovudet til musikk og skape noko som er sitt eige, fortel kurshaldar Gjøran Sæther. Åtte kveldar og halvannan time skal dei ivrige elevane møte.

– Det blir veldig korte kveldar, sukkar kurshaldaren forsiktig, men bedyrer at alle sju er godt i gang og at det skal bli spennande å høyre på resultata.