NESSET/ÅLESUND: RB har kontakta ambulansetenesta ved klinikksjef Lars Erik Sjømæling, klinikk for prehospitale tenester i Helse Møre og Romsdal, for kommentar.

Sjømæling stadfestar at ambulansen køyrde feil i Vistdal, men viser vidare til seniorrådgivar Hans Joakim Riise ved AMK for ytterlegare kommentar.

Riise understrekar overfor RB at han ikkje kjenner denne saka konkret, og ikkje vil kommentere den. På spørsmål om ambulansane ofte køyrer feil, svarar han generelt:

– Det har eg ikkje talmateriale på no. Men generelt sett er det eit langt mindre problem å finne fram no enn tidlegare. Situasjonen har betra seg ettersom det er blitt oppretta gateadresser rundt om i dei fleste kommunar, seier Riise. Han poengterer at det er ein prosess i gang med å få oppdatert dette – her er det noko ulikt kor langt kommunane har kome.

– Vi bruker Kartverkets databasar og andre register, men den som tek i mot må også snakke med innringar og forsikre seg om kor vedkommande er, seier Riise.