VISDAL / NESSET: På seinsommaren kjende Rita Lange i Vistdalen seg dårleg, med vondt i bringa og ryggen, og ringde 113.

– Vi var redde for at det kunne vere noko med hjartet, seier Lange.

Men ventetida på ambulansen vart ubehageleg lang for henne og familien – det viste seg at sjukebilen ikkje fann fram og køyrde til feil adresse.

Medan Rita venta i Gauprørvegen i Vistdal, køyrde ambulansen til garden Øra på andre sida av fjorden, der ho budde for mange år sidan.

20 minutt ekstra

– Da vi ringde 113 gav opp vi adressa vår her i Gauprørvegen. Likevel køyrde ambulansen dit vi budde for 20 år sidan. Der leita dei utan å finne fram, til ein lokalkjend på Myklebostad tilfeldigvis såg bilen, sprang ned og forklarte dei vegen. Vi ringde også tilbake til AMK, men likevel køyrde dei feil på nytt – det heile tok nok 20 minutt ekstra, seier Lange.

Undrar seg

Ho undrar seg over at dette kan skje med dagens teknologi tilgjengeleg.

– Berre med ein vanleg GPS i bilen, er det ganske kurant å finne fram hit. Så det verkar rart, seier Lange.

Gikk heldigvis bra

Ho har ingenting å utsette på behandlinga ho fekk etter at ambulansen kom på plass. – Det gikk veldig fort unna til sjukehuset, og dei køyrde ganske så raskt, og ferja venta på oss. Heldigvis gikk det bra, smertene viste seg å komme frå eit brot i ein ryggvirvel. Men ein tenker jo på kor det hadde gått om det faktisk var hjartet eller noko akutt som hadde skjedd, og ambulansen var så forseinka, seier Lange.

Urolege

Ho og fleire med henne er blitt urolege for kor sikker ein kan vere på at ambulansen faktisk finn fram.

Spørsmål til ordføraren

Sambygdingen Jan Rindli (Uavh). tok i sist kommunestyre opp dette i spørsmål til ordføraren.

– Ambulansen fann ikkje riktig adresse, og måtte etter fleire feilkøyringar få rettleiing av lokalkjende. Er det ufullstendige opplysningar frå kommunen, eller manglande oppdatering av ambulansetenesta, spurde Rindli.

– Vegadressa ok

Nessetrådmann Anne Grete Klokset svarte på vegner av kommunen, at frå kommunens side skal alt vere i orden.

– Vi har sjekka, og finn ikkje at det skal vere noko feil med adressa til eigedommen, sa Klokset til kommunestyret.

Oppdateringa av databasar

Ho viste til at Gauprørvegen fekk vegadresse i januar i år, og desse er lagt inn i matrikkelen og er ope tilgjengeleg for alle. Rådmannen peika likevel på at det er fleire databasar og oppdatering av desse som spelar inn, og som kan vere muleg feilkjelder.

– Når ambulansen likevel køyrer feil kan dette ha samanheng med oppdateringsrutinane Kartverket og kommunen har for dei digitale karta, sa Klokset.

Ho peika også på at ei anna feilkjede kan vere feil i den folkeregistrerte adressa.

– I ein del tilfelle har det vore vanleg for folk å ikkje melde flytting innanfor det same postnummer-området, sa Klokset. Ho oppsummerer med at alt verkar å vere i orden frå kommunen si side, men at det likevel er vanskeleg å vere helt sikker når ein ikkje kjenner saka i detalj.

Spurde: Jan Rindli Foto: Kjell Langmyren
SVARTE: Rådmann Anne Grete Klokset Foto: Anita Vingen