MOLDE: Det seier Roar Beck, leiar i Plan og utvikling. Han meiner dette om innspelet frå Tore Witsø (sjå under):

– Eg trur alle er einige i målet om snarleg sykkeltrasé gjennom sentrum. Samstundes er dette komplekst, utan openberre løysingar. Det er planar i kommunen for gjennomgåande gang- og sykkelvegar. Både Sandvegen/Øvre veg, langs sjøfronten og kanskje Storgata er alternativ. Vi har også ei framtidig utvikling på Lundavang å ta omsyn til. Og det heile må sjåast i samanheng med bytunnel og felles løysing for finansiering. Alternativa må vurderast ut frå vegtrasear i framtida. Kva som kjem først, kan eg ikkje sjå er ei reell problemstilling. Begge er del av vedtatt bypakke.

– Det manglar to korte strekk for å kople Nordbyen til sentrum. Witsø meiner desse bør på plass snart?

– I område med manglande korte strekk er det eit klart mål å binde desse saman. Alt avheng av økonomi, men det er uttalt frå kommunen at det enkle takast først.

Om Witsøs kritikk av «miljø-passive» politikarar, seier han

– Det jobbast med planbiten av Molde sentrum. Mitt inntrykk er at det er stort fokus på tiltak som stimulerer fleire til å sykle å gå. Bypakke Molde har mange tiltak i heile byen. Så kan det vere ulike meiningar om prioriteringane.