Med ei omfattande Eldrebølge på veg, og tal som syner at personar med demens er ei aukande gruppe i samfunnet, meiner demenskoordinator i Aukra, Torunn Edøy, at det er svært viktig for kommunene å arbeide inn mot denne sjukdomsgruppa:

– 80 prosent av dei som bur i norske sjukeheimar har diagnosen demens, mellom 40 og 50 prosent av oppgåvene til heimesjukepleien, er relatert til demens eller kognitiv svikt, fortel ho.

Viktig dialog

Molde og Aukra er no i full sving med å utarbeide ein modell som skal gje varig implementerte tilbud til personar med demens og deira pårørande. Arbeidet starta i mai og i løpet av neste år håper ein å ha ferdigstilt arbeidet.

– Gjennom dialog med personar med demens og deira pårørande i forbindelse med Demensplanen 2015, kom det fram eit behov for informasjon og kunnskap om sjukdommene. Når ein før utredning har vore urolig og bekymra, kan ei diagnose opplevast som ei lette, men også eit vakum. Difor har denne gruppa etterlyst eit tilbod utanom det reint praktiske, til dømes hjelp frå psykolog eller hjelp til å gjere livet så lett som mulig for dei med diagnosen, fortel Edøy.

– Mange som får diagnosen finn det vanskeleg å fortsette med aktivitetar og å vere sosial. Då kan det vere greit å vere åpen om sjukdommen. Ein må ikkje sette seg i godstolen, men få hjelp til å gjere gode og kloke valg, så kan ein ha eit godt og rikt liv, også med demens.

Aktive kommuner

Både Molde og Aukra har alt eit godt tilbod til personar med demens. Begge kommunene har aktive dagsenter, pårørande-skole, pårørande-grupper, aktive demensforeningar og aktivitetsvenn-kurs.

– Dette er tiltak som det vart fokusert på i den forrige demensplanen, og som vi no har oppe og går. Det har nok vore avgjerande for at vi fekk tildelt midlar frå Helsedirektoratet til å lage ein heilheitleg samhandlingsmodell, meiner Torunn Edøy.

Demensvenlege kommuner

Begge kommunene har også det siste året skrive under ein avtale saman med Nasjonalforreninga for Folkehelsen, for å jobbe mot å bli eit demensvenleg samfunn.

– I desse dagar held vi åpne møter om demens i både Molde og Aukra, og denne veka går også ein innsamlingsaksjon av stabelen. Vi er så heldige å få hjelp av ungdommar til å gå med bøsser. Pengane skal gå til forskning, men også til aktivitetar for personar med demens. Vi håper dei blir godt tatt imot, seier Edøy.