– Konsekvensutgreiinga er i rute, men vi ventar no på resultat av eit par ekstra undersøkingar, sa Harald Storvik i Bergmesteren Raudsand AS til kommunestyremedlemmene torsdag kveld.

Ekstra undersøkingar

Han opplyste at det er sett i gang ekstra undersøkingar i fjorden for å kartlegge straumforhold, og det er også bestilt inn ein ekstra rapport frå Kystverket.

– Vi vil gjere dette grundig, og lager derfor ein større rapport enn det vi strengt teke er pålagde, sa Storvik.

25 millionar kroner

Han opplyste at det så langt er brukt 25 millionar kroner på undersøkingar og rapportar som går inn i konsekvensutgreiinga.

– At vi legg så mykje ressursar i dette, viser at vi er seriøse, sa Storvik. Han la vekt på at det vert brukt konsulentar i anerkjende instansar, det kostar.

– «Miljøprosjekt»

Før sjølve synfaringa oppe i Deponi 2-området på, la Storvik og representantar for Veidekke og Stena Recycling AS fram status for prosjekta for kommunestyret.

Deponi 2 vart her karakterisert som eit miljøprosjekt, og flygeaska og syrene som er tenkt motteke i deponi for farleg avfall, vart skildra som svært lite farleg.

– Vi jobbar med ting de ikkje ville ha tenkt på som farleg, som kalk og saltvatn, sa Geir Sørensen i Stena Recycling mellom anna.

Ser på ny teknologi

Aktørane vektla også at det kan vere aktuelt å ta i bruk ny teknologi for å gjenbruke større del av det farlege avfallet.

– Det er heile tida utvikling på området, og vi ser no på nye teknologiar som kan vere aktuelle å ta i bruk her, sa Storvik.

Frustrert

Han gav også uttrykk for frustrasjon både over frykt folk opplever etter presentasjonen av Isloa-rapporten, og over utspel frå politikarar.

– Eit samrøystes kommunestyre har gått inn for utgreiing av dette. Da er det trist når vi i valkampen opplever at politikarar som har sagt ja, seier nei, vil ikkje likevel, og så kanskje seier ja igjen. Dette er lite seriøst, sa ein tydeleg frustrert Storvik. Og la til at han hadde reist utanlands under valkampen, han orka ikkje vere her.

– God forretning

– Vi ville ikkje gått inn i dette om vi ikkje såg på det som god forretning. Vi meiner dette er ein god plass for eit slikt anlegg, sa Geir Sørensen i Stena Recycling.