– Eg driv med slektsgransking og har funne mange interessante bilete i digitalarkivet til Romsdalsmuseet, men dei er utan namn. Her får vi namna på plass, og det er veldig artig, fortel Morten Mordal, heimflytta gossing som fann mange kjentfolk på bileta til utstillinga «Oppvekst», som blei opna på Aukra folkebibliotek laurdag formiddag.

Frå daglegliv til fest

Utstillinga, som er i regi av Aukra sogelag, syner fleire titals historiske bilete, både frå daglegliv, skole og frå fotograf, og er ein oppfølgar av fjorårets utstilling av historiske brudebilete.

– Bileta som er digitalisert ved Romsdalsmuseet, har ingen namn på. Namna har vi på papir her på folkebiblioteket. No har vi samanfatta avbilda personar og namn, og håper utstillinga vil gje enda meir informasjon, og samtidig gjere at vi kan korrigere merkinga vår, fortel kulturmedarbeidar i Aukra kommune, Anne-Kari Tinnesand.

Godt oppmøte

Leiar i Aukra sogelag, Eivind Rød, fortel om god oppslutning første opningsdag:

– Vi fekk mange gode diskusjonar rundt bileta og fekk retta på nokre årstal og namn. Dette er ei utstilling som alt frå første dag skaper engasjement, meiner han.

Malene Hoksnes (89) kom til utstillinga saman med nabo Grete S. Småge, og fann umiddelbart fram til klassebilete av den avdøde broren Knut, tatt i 1926. Ho ramsa opp namna på dei fleste på biletet, med informasjon om både tilhøyrigheit og familieband.

– Artig å sjå att, nikka ho fornøgd, før ho rusla vidare til neste bilete og neste historie.

Årleg utstilling

– Vi satsar på ei årleg fotoutstilling med forskjellige tema. Dette er den andre i rekka, og vi ser at historisk materiale er interessant for mange. Gjenkjenningsfaktoren er høg, og dette er ein fin måte å bli kjend med lokalsamfunnet på, meiner Tinnesand og Rød.

Utstillinga blir å sjå den komande månaden i folkebiblioteket si opningstid.