Planane vart godkjent i mai 2015 med ei kostnadsramme på 26 millionar. I vedtaket frå formannskapet er dette redusert med litt over fire millionar. No står det att berre eit endeleg vedtak i kommunestyret seinare denne månaden. Når det er på plass, kan arbeidet starte opp. Målet er at jobben skal vere ferdig i mai 2018.

Spleiselag

Finansieringa er eit spleiselag mellom Vestnes kommune, Møre og Romsdal fylkeskommune og næringslivet i Vestnes. Vestnes kommune tar den største delen med 8,8 millionar, fylkeskommunen går inn med 5,8 millionar og lokalt næringsliv og privatpersonar med 2,8 millionar. I tillegg kjem momskompensasjon på 4,2 millionar.

I dei første kalkylane vart bidraget frå næringslivet ført opp med 6,7 millionar. Dette viste seg å vere altfor ambisiøst, kommunen stiller derfor opp med ein million kroner ekstra samanlikna med det første overslaget.

Stor aktivitet

Det skjer mykje i Vestnes sentrum i tida framover I tillegg til opprusting av sjøfronten er det også planar om ei stor utbygging av bustader på tomta til Vestnes Energi på Livneset. Utbygging av rundkjøringa på E39 med ei fjerde arm vil samstundes sikre betre lokal trafikkavvikling.

Sjøfronten på Vestnes blir kraftig oppgradert. Foto: Olav Skjegstad