TOMREFJORD: Idrettsbygget i Tomrefjord vart oppført i 1986. No er det i ein slik tilstand at ei svært omfattande opprusting må til. Vestnes formannskap innstiller på å ta jobben no, med eit låneopptak på 49,4 millionar. Resten blir dekt av spelemidlar og momsrefusjon.

Saka kjem opp til endeleg vedtak i kommunestyret seinare denne månaden. Med ei samrøystes innstilling frå formannskapet blir dette meir ein formalitet.

Omfattande

Det har vore avdekt store manglar ved bygget tidlegare, både på drenering, isolasjon og fukt. Saka har også vore oppe i kommunestyret før. I desember i fjor vart det gjort vedtak om å bruke 53 millionar kroner til jobben.

Etter at anbod er innhenta, ligg kostnadene no 20 prosent over dette.

Når vedtaket i kommunestyret er fatta, kan arbeidet starta. Dei første konteinarane er alt på plass utanfor bygget.

Gjenopning 1. oktober 2018

Med byggestart 1. oktober skal jobben vere ferdig 1. september neste år, med opning ein månad seinare.

I anleggsperioden er heile idrettsbygget stengt. For elevane i Tomrefjord betyr det meir gymnastikk ute og bruk av den gamle gymnastikksalen Oasen inne i skulen. Når det gjeld svømmeundervisninga dette skuleåret, blir dei yngste prioritert, får vi opplyst. Den blir lagt til varmtvassbassenget på Myra på Helland.