Torsdag kom meldinga om at Kommunal- og moderniseringsdepartementet godkjenner områderegulering for Vestnes sentrum.

– Vi støttar arbeidet til kommunen med å vidareutvikle kommunesenteret som handels- og servicesenter og sosial møteplass, seier kommunal- og moderniseringsminister Jan Tore Sanner.

Han legg til at vedtaket betyr at Vestnes kan utvikle eit attraktivt sentrum med mindre trafikk. Den nye armen vil betre tilkomsten til både idrettsparken, Kråkviks friluftsområde og ny rasteplass, skriv Sanner, som understrekar at han legg vekt på den langsiktige utviklinga av Vestnes sentrum.

Lang prosess

Leiar i planutvalet i Vestnes, Knut Flølo (Frp) var ordførar i Vestnes då saka vart tatt opp for første gong i Vestnes kommunestyre for meir enn ti år sidan.

Vestnes kommune ville då bygge ut anleggsvegen inn til idrettsparken til å bli ei fjerde arm til rundkjøringa. Men både Statens vegvesen og Fylkesmannen sa nei, og mekling førte ikkje fram. Deretter var det stille lenge før saka no vart tatt opp igjen.

– Ketil Solvik-Olsen uttalte seg positivt til planane våre då han besøkte Vestnes i august. No har Jan Tore Sanner fatta vedtak, som er endeleg. No skjer det noko, seier ein svært glad Knut Flølo til Romsdals Budstikke.

Tid og pengar

Kven som skal betale for utvidinga, er ikkje klart. Det same gjeld tidspunktet for gjennomføring av arbeidet, men Knut Flølo trur dette vil vere på plass relativt raskt.

Fungerande ordførar Randi Bergundhaugen (H) i Vestnes seier at ei slik utviding betyr mykje for Helland sentrum.

– Vegen til idrettsplassen er i dag både trong og kronglete. Samstundes opnar ei ny arm på rundkjøringa for utviding av Helland sentrum vestover, seier Randi Bergundhaugen.

– Det nyttar med kontaktar i regjeringa og sentrale politikarar på Stortinget som lyttar til det vi legg fram. Dette er ein god dag for Vestnes, er konklusjonen frå Knut Flølo og Randi Bergundhaugen.

Slik ser rundkjøringa ut i dag.
Her kjem vegen: Knut Flølo og Randi Bergundhaugen på staden der den nye armen til E39 i Vestnes sentrum kjem. Foto: Olav Skjegstad