MOLDE: – At vi spør om samlivsform, er grunngitt med det kristne synet på ekteskap, at dette er mellom mann og kvinne. Da må det gjelde også for tilsette i kyrkja, seier Frode Rabbevåg, medlem av Møre bispedømmeråd.

– Og dermed utelukke homofile?

– Til denne typen stillingar, ja.

– Dette provoserer ein del?

– Det kan vel vere. Men det har vore kyrkja sitt syn i 2000 år, og er godt bibelsk fundert, seier Rabbevåg. Han legg til at det har vore brukbart med søkarar til stillingar i bispedømmet, så spørsmålet kan ikkje ha hatt avskrekkande effekt.

– Er det ikkje eit paradoks å opne for vigsel av likekjønna, men stenge for tilsetting av søkarar i likekjønna forhold?

– Det er forskjell på dei som vert vigde, og dei som jobbar i kyrkja. Dei som vert tilsett skal ha rolle som rettleiar, da vert det ei anna sak, seier Rabbevåg som presiserer:

– Homofile er sjølvsagt hjatreleg velkomne til å jobbe i Møre Bispedømme.  Det er ikkje seksuell legning det kan vere aktuelt å spørre om i samband med utlysning av stiĺlingar, berre samlivsform.