IKT-Strategiplanen for oppvekst og kulturskule er vedteken av ROR-IKT-styret, og skal i haust til politisk behandling i ROR-kommunane Molde, Aukra, Midsund, Rauma og Vestnes.

Målet er at medlemskommunane skal ha ein felles strategi for digital satsing på feltet.

Variert bruk

For grunnskulen listar planen opp ei rekke punkt som målsetting for skular, lærarar og elevar. Mellom anna vert dagleg bruk av digitale verktøy i undervisning, og spesielt tilpassa opplæring ved bruk av IKT poengtert. Kommunikasjon mellom skule og heim skal også gjerast eklare med IKT.

Måltal

I planen er det sett opp forslag til måltal, som viser kor mange pc-ar og nettbrett elevane bør ha, differensiert etter alder. Ifølge planen er ønska tetthet på barnetrinnet (1. – 4. trinn) 1:3, på mellomtrinnet (5. – 7. trinn) 1:2, og på ungdomstrinnet (8. – 10. trinn) 1:1.

Aukra i mål

I rapporten er medlemskommunane oppført med status, og behov for opprusting (sjå tabell).

Så langt er det berre Aukra som «er i mål». ifølgje planen har Aukra tilstrekkeleg med digitale einingar til å oppfylle ønska i strategiplanen.

Midsund

For dei andre kommunane er situasjonen meir utfordrande: For Midsund sin del viser oversikta at om kommunen skal oppfylle ønska i planen i forhold til måltal, må talet på maskiner aukast frå dagens 91 til 167 datamaskinar / nettbrett.

– Molde godt i gang

Fagsjef for skule i Molde kommune, Ivar Vereide, meiner at Molde kommune er godt i gang med digital opprusting.

– I fjor fekk 1.-klassingane ved Sellanrå skole nettbrett som eit pilotprosjekt – i løpet av hausten 2017 vert dette vidareført så alle 1.-klassingar i Molde får tilgang til nettbrett, seier Vereide.

– Kor viktig er det?

– Det er viktig både for at kommunen skal oppfylle mål i læreplanen, og for elevane med tanke på betre opplæring i lesing og skriving. Det skaper også motivasjon og engasjement, seier Vereide.

Går for 1335 nye

Ut frå elevtal og fordeling på barne-, mellom- og ungdomstrinn, har Molde kommune behov for 1770 maskineiningar for å nå ønska nivå. Skulane har i dag 1076 einingar. Vereide opplyser at planen er 1335 nye datamaskinar og nettbrett i løpet av kommande tre årsperiode.

– Vi skal opp på nivået 1770, men treng meir enn differansen på knappe 700, sidan mange av maskinane vi har no er så gamle at dei ikkje er funksjonelle. Vi planlegg derfor å fornye med 445 maskinar/ nettbrett kvart år dei kommande tre åra, til saman 1335 nye maskinar/ nettbrett. Ifølgje vedteken kommunal plan skal vi i løpet av denne perioden slik ruste opp skulen til å nå tilrådde måltal, seier Vereide.

Han poengterer likevel at det er eit budsjettspørsmål kor raskt planen vert gjennomført.

– No begynner ny runde med budsjettarbeid, det må vi berre vente og sjå, seier Vereide.

Rauma

Rauma kommune har eit etterslep i forhold til rullering, heiter det i plandokumentet.

Talmaterialet viser at Rauma har behov for 30 nye einingar på barnetrinnet, 76 på mellomtrinnet, og 118 i ungdomsskulen, til saman 224 pc-ar / nettbrett.

Vestnes

Av plandokumentet går det fram at kommunen er i ein utskiftingsfase der mykje utstyr i bruk skal fasast ut.

– Skal kommunen nå ønska måltal, må det til ein maskinpark på 451 einingar, mot dagens 255.

Dette vil medføre at rulleringsplan må oppjusterast til utskifting av 113 maskineiningar i året når kommunen har nådd ønska måltal, heiter det mellom anna i rapporten. Vestnes jobbar også særleg med antenner og betring av dekning.

Planen poengterer ønsket om felles IKT-satsing, som vil gi fordelar både ved innkjøp, drift og gjennom større fagmiljø – og reduserte kostnader.