TRONDHEIM / NESSET: Direktoratet stadfester at invitasjon til eit møte i Nesset er motteken, og opplyser også at svar er sendt til kommunen.

– Vi stiller oss positiv til å komme på eit møte/synfaring, skriv rådgivar Gunn Kristin Haukdal i Direktoratet for mineralforvaltning i e-post til Romsdals Budstikke.

– Kompleks situasjon

– Vi arbeider med å få oversikt over forholda og historikken rundt Raudsand. Situasjonen er kompleks, så dette kan ta noko tid. Vi har derfor sagt at vi vil komme tilbake med tidspunkt for møtet/synfaringa, skriv Haukdal.

Negativ til søknad

DMF er mellom instansane som har levert svar på høyring for Bergmesteren Raudsand sin søknad om etablering av deponi for ordinært avfall. I høyringssvaret konkluderer DMF med at dei ser saka som utilstrekkeleg utgreidd, og stiller seg negativ til at søknaden vert innvilga på føreliggande grunnlag.