MOLDE: Björn Gregull, sykkelkontakt og overarkitekt i Molde kommune, har hatt travle dagar. Han har farta rundt på så å seie alle barne- og ungdomsskolane i kommunen, frå Kleive til Kvam, for å sjå korleis det står til med sykkelparkeringa rundt om. Heilt konkret har han talt kor mange p-plassar for sykkel kvar skule har, kva type det er, og kor dei står.

Prosjekt gjennom 3–4 år

– Målet i kommuneplanen er parkering for fem syklar per 10 elevar og tilsette. For å få det, ser vi at vi må sette opp 1000 til 1200 nye sykkelstativ, seier han.

Desse skal vere av god kvalitet, og slik at også ramma på syklane kan låsast fast. Og 40 prosent skal stå under tak.

– Det er eit heilt prosjekt å få dette på plass, så det er ikkje gjort på eit år, seier Gregull.

Gjennom Sykkelbynettverket hentar Molde erfaring med typar stativ, material, plassering og anna, frå heile landet.

– Vi må prosjektere, og søke om pengar. Eg reknar med prosjektet vil ta 3–4 år, seier han.

Sellanrå og Bergmo

Alle dei kommunale grunnskolane skal få nye sykkelstativ, men nokre av dei ligg betre til rette for å få starta enn andre.

– Ved Sellanrå, f eks, er dei i gong med byggearbeid, så her blir det greitt å få på plass sykkelparkering i same slengen. Bergmo kjem også tidleg i løypa. Skolen ligg ved hovudnettet for gåande og syklande, samstundes som den har veldig få p-plassar for sykkel i dag.

– Har Molde oversikt over kor mange elevar som syklar til skolen?

– Nei, vi har ikkje talt. Først må vi legge betre til rette for sykling, og da er sykkelparkering eit ganske enkelt grep. Etter kvart kan det bli aktuelt å telje, så vi har ein oversikt.

Generelt er det få som syklar i Molde, ifølgje reisevaneundersøkinga. Molde kom dessutan på 25.-plass av dei 30 byane i undersøkinga «Syklist i egen by», laga kvart andre år av Syklistenes Landsforening.