FIKSDAL: Flagget til topps i Fiksdal i dag når elevane møter til første skuledag. Fem elevar skal begynne i 1. klasse, der dei blir tatt imot av lærar Beate Nerås.

– Det blir moro å begynne på skulen, Beate er snill, seier dei tre gutane. Dei viser stolt fram dei nye sekkane med fargerike pennalhus.

Kven er kven?

Det er svært sjeldan med trillingar. Frå før er det eit kull trillingar på skulen på Vestnes. Når dei tre gutane frå Rekdal kjem, er det mange som kavar med å bruke rett namn. Det synest gutane er merkeleg, dei veit jo kva dei heiter.

– Det er dumt at vi må seie kva vi heiter heile tida, meiner dei. Men no skal dei få luer og T-skjorter med namna sine på, slik at lærarane ser forskjell.

– Vi er naboar med familien Ringsby på Rekdal, så eg kjenner trillingane godt. Men eg må innrømme at eg av og til har problem med å skilje dei frå kvarandre, seier rektor Asbjørn Oterhals.

Fiksdal skule har i år 39 elevar. 1. og 2- klasse går saman, her blir det seks gutar og to jenter.

Full fart

Med tre 5-åringar i huset er det livleg i heimen på Rekdal. No begynner ein ny epoke, fem matpakker skal lagast kvar morgon.

– Eg likar best brødskive med fårepølse og leverpostei, seier Thomas.

– Agurk og falukorv er godt, legg Tobias til.

Når vi spør kva dei likar å drive med, kjem svara kjapt.

– Plastilin og måling er moro. Vi vil også spele fotball og hoppe trampoline. Det er moro å sykle, vi køyrer utan støttehjul, seier dei stolt.

Buss til skulen

Det er knapt åtte kilometer frå heimen på Rekdal til Fiksdal, skuleskyssen går med buss. Då er det godt å ha to storebrør; David på 12 og Leo på ti. Første dagen blir også mor og far med til Fiksdal skule.

– Rektor Asbjørn Oterhals har rekna ut at 12,5 prosent av alle elevane på skulen heiter Ringsby, fortel Thor Anders Ringsby. Sjølv gjekk han på Rekdal skule, som den einaste i sitt årskull. Rekdal skule er for lengst nedlagt.

Mamma Reidun Johanne er frå Åfjord i Trøndelag, der ho gjkk på skule var det 40 1.-klassingar.

Thor Anders jobbar som maskinkøyrar i eit lokalt entreprenørfirma, Reidun Johanne jobbar heime på garden og vikarierer i barnehagen i Fiksdal, der gutane har gått sidan dei var tre år. Dei er derfor ikkje ukjent med Fiksdal skule, som ligg vegg i vegg med barnehagen.

Fiksdal skule Her vert det skulestart måndag for trillingane og 33 andre elevar. Foto: Olav Skjegstad

Sangglede

Trillingane likar godt å synge, og plutseleg stemmer Tobias og Thor Ole i med Rosenborg-songen, klokkereint av full hals.

Dagen før dagen var typisk innedag med regn og surt vêr på Rekdal. Men når det lettar opp, er trillingane raskt på veg ut for å leike. Dei hentar inn egg og plukkar bær, hoppar trampoline og leikar i sandkassa.

Ofte besøker dei bestefar og bestemor som bur ikkje så langt unna. Bestefar Thor er bonde, og vi spør om gutane har lyst å bli sauebonde. Ein svarar at han vil bli keeper.

– Viss du skal bli sauebonde, kan du først bli keeper og tene masse pengar. Då kan du bli sauebonde, seier ein av storebrørne.