MOLDE: I sommar dukka det opp nye klopper på stien mellom Varden og Skihytta. Det er Svein Roger Ivarsen som står bak, i eit prosjekt utført i dialog med kommune og Friluftsråd.

– Eg har brukt Moldemarka ivrig sidan eg var barn, og set som mange andre stor pris på den. Eg har sett bruken – og også slitasjen – auke sterkt dei siste åra. Eg ønska derfor å lage noko som kunne beskytte terrenget, særleg der det er myr, seier Ivarsen.

Montering Svein Roger Ivarsen laga kloppene heime, frakta dei ut og monterte på staden. Foto: PRIVAT

Spesielt tilpassa

Ideen var dermed å lage klopper som er sterke og velfungerande, som er tilpassa og vernar terrenget, som er miljøvennlege og estetiske. Slike klopper var ikkje å finne, så Ivarsen bestemte seg for å lage dei sjølv – i garasjen heime.

Kjerneved

Etter ein del utprøving vart resultatet kloppene som no er på plass. Det er fem delar som er montert saman, alle i kjerneved-material av furu.

– Eg ville unngå impregnerte materialar som inneheld gift. Kjerneved er sterk, den inneheld harpiks som beskyttar mot mellom anna ròtesopp, seier Ivarsen, og viser til tradisjonell byggeskikk brukt i stavkyrkjer og gamle hus.

OVER «HELVETE» Dei nye kloppene er lagt ut på stien mellom Varden og Skihytta. Etter ein månad ute i terrenget, slår produsent Svein Roger Ivarsen fast at dei fungerer svært godt. Foto: Svein Roger Ivarsen

Over bakken

Føresetnaden er likevel at materialane kan tørke opp innimellom. Kloppene kviler derfor punktvis på steinheller, og held 10–20 cm over bakken.

– Dette ser ut for å fungere fint både for kloppene og bakken under, seier Ivarsen.

Over tid vil fargen på det ubehandla treverket endre seg.

– Den lyse fargen dei har no som nye, vil dempe seg. Så i løpet av eit par år vil dei nok vere grå, poengterer Ivarsen.

Kanskje fleire

Ivarsen er no i gang med å kartlegge situasjonen langs stien mellom Varden og Skihytta, som del av eit større prosjekt i regi av kommunen. Målet er å verne om turterrenget – dermed kan det kanskje også bli fleire slike klopper.

– Klopper er eitt av fleire verkemiddel. Men dei som bruker marka kan også medverke; hugs at marka er stor! Eg vil oppmode folk om å velje andre og mindre brukte stiar, og slik avlaste terreng som allereie er sterkt utsett for slitasje, seier Ivarsen.

KJERNEVED Materialane er ikkje hyllevare, dei er levert frå lokale sagbruk. Foto: PRIVAT