Sandøya: Det vart ein skikkeleg intimkonsert rundt Frode Alnæs på laurdag. Fullsett Sandøy kyrkje og vel så det. Bak Alnæs sat og stod folk rundt alteret. Fram etter kyrkjegolvet sat og stod folk – og ute i våpenhuset (gangen) stod og sat folk, og likevel kom ikkje alle inn. Aldri før har så mange på same tid søkt fram til den vesle åttekanta kyrkja frå 1812. Billettsalet vart avslutta på 330 besøkande.

Stemningsfullt

Og gjett om det vart stemning!

Mange ville inn: Lang kø for å få sleppe inn til Den Blå Timen på Sandøya på laurdag.

Alle dørene framme og bak i kyrkja vart opna for å få ei viss gjennomstrøyming av luft. Som dei fem tidlegare blåtimane vart konserten opna med allsongen «Kven kan segla for utan vind». Stemningsfullt, og slik vêret var på Sandøya denne laurdagen måtte det nok motorkraft til for å få båtane fram til Sandøya.

Stemningsfullt var det også når dei to artistane med relasjonar til Sandøya, Elise Sandøy Skarstein med sin Eufonium og Torill Norum på piano, fekk framføre «Pie Jesu» og «Danny Boy». Vakkert!

Gjensidig glød

Så var det Frode Alnæs sin tur. Alnæs har sine gitarar, han har humor og glød og ikkje minst har han utstråling. Alt frå første kommentar og frå første gitartone hadde han taket på sitt publikum. Det utvikla seg til ein gjensidig glød.

Han opna sitt program med låtar frå sin siste plate «Kanestrøm». Dette er feriestaden hans, men det kunne like godt ha vore Sandøya. Det er ei plate som er inspirert av kysten.

Gjennom målarkost og elektriske finessar fekk han fram stemninga frå kystens lydar. Dette kom også godt fram i «Alba-trost» som han spøkefullt har kalla melodien.

Gode historier

Gjennom heile konserten fekk Alnæs vist fram sin allsidigheit, og at han av mange blir vurdert som ein av dei aller beste gitaristane i Noreg. Gjennom eit 40 år langt artistliv på små og store scener krydra han konserten sin med gode historier som historia til introduksjonen frå sommarplata «Sommarflørt». Denne framførte han også ein gong for mange kongelege på Bygdøy. Det vart fem minutt for dei kongelege og to timar for bøketrea på Bygdøy, kunne Alnæs hugse.

Flott samspel

Den mest seriøse delen av konserten kom i framføringa av «Vitae Lux» (livets lys) som vart framført i samspel med kantor Robert Coates på kyrkjeorgel. Fantastisk samklang.

«Vitae Lux» vart skriven til minnemarkeringa etter Utøya.

Deretter vart folketonen frå Nordmøre «Å, tenk når ein gang samlast skal». Denne også i flott samspel med Robert Coates.

Klappsalver

Under avslutningsnummera frå Dance with a Stranger-låtane som «Everyone Needs a Friend» og «Long December night» vart det stemning opp under taket. Kyrkja bolna ut med fellessong og klappsalver. Ja, publikum nærast dansa på strengane til Frode Alnæs under denne delen av konserten på laurdag. Det vart sveitteperler frå både artist og publikum. Ei skikkeleg storoppleving!

Drivkrafta

Den Blå Timen på Sandøya har vorte eit omgrep. Inspirasjonen kom i samband med Sandøy kyrkje sitt 200 års jubileum i 2012. No etter seks år er den meir populær enn nokon gong.

Det er ikkje berre kjente og kjære artistar som Frode Alnæs, Henning Sommerro og Gjermund Larsens Trio som er årsak til populariteten. Frå gammalt av var Sandøya sentrumet i kommunen. Mange har flytta ut, no er det berre om lag 30 personar att, men ingen har gløymd røtene til øya eller kommunen. Sandøyværingane er utadvendte folk og tar gjerne med seg slekt og venner ut til øyriket ein sommardag, som Sandøya viste seg fram på laurdag.

Vel blåst: Vertinnene Sirianna og Petra, alias Signe Torill Eikrem og Janne Torill Sandøy.

Etter konserten trefte vi på eldsjelane Signe Torill Eikrem og Janne Torill Sandøy. Dei sat i skuggen for å kjøle seg ned.

– Kva er drivkrafta?

– Drivkrafta er å skape opplevingar for folk. Det er så viktig, seier Signe Torill Eikrem.

– Ein kan leve lenge på slike opplevingar som i dag – det gjeld både for meg sjølv og for dei som kjem utover for å besøke oss. Og så er det så kjekt å sjå at så mange kjem att år etter år, smiler dei begge svært så fornøgde.

Leverte: Fornøgde artistar etter endt dyst. Frå venstre Elise Sandøy Skarstein, Frode Alnæs, Torill Nerum og Robert Coates.