Det er no over 20 år sidan tradisjonen med olsokfeiring vart tatt opp på bygdemuseet i Tresfjord. Sidan den gong har tre nye hus komme til, olsokkvelden var alle hus opne for publikum. I løa var det servering, rømmegrauten gjekk unna. Bortimot 200 personer kom innom denne varme sommarkvelden.

– Ingen ting er som rømmegraut på ein plass som dette. Museet her i Tresfjord er veldig fint, seier Nils Gunnar Solli, som hadde tatt turen frå Molde for å delta på feiringa.

Susan Sylte tok mot betaling for grauten. Klokka 19 hadde ho selt 100 porsjonar, det var før folket kom frå kyrkja opp til museet.

Arrangementet starta nemleg med folkemusikkgudsteneste i Tresfjord kyrkje. Vikarprest Ellen Schiøtt heldt tale, felegruppa frå Dåm og Drag og solistinnslag ved Britt Elise Skram skapte stemning med vakre tonar.

Oppe på museet heldt Martinus Løvik ein interessant  tale om olsokfeiringa og historia bak denne. Deretter var svingom ut gjennom kvelden. I fjor kom det 150 på olsokfeiringa, i år var det enda fleire.