– Vi blei veldig overraska. Vi meinte vi hadde god og forsvarleg drift. Vi sett inn vikarar ved sjukdom, og er heilt innanfor regelverket, seier Marie Løkvik, barnehagesjef i Mobarn.

Vurderte som uforsvarleg

Det var midt i april at Molde kommune påla fleire av barnehagane til Mobarn å tilsette fleire.

– Vi hadde tilsyn med alle 27 barnehagane i kommunen, og fant fire avvik. Dei fire barnehagane hadde eit veldig høgt tal barn per tilsett – over sju stykk. Det vurderte vi som uforsvarleg, seier Gro Toft Ødegård, fagsjef barnehage i Molde kommune.

Klaga inn vedtaket

Tilsynet Molde kommune hadde utført var eit dokumenttilsyn, kor barnehagane sjølv rapporterte inn til kommunen tre gonger i løpet av hausten.

– Innrapporterte tal frå barnehagane i september, oktober og desember i 2016 var lagt til grunn i vurderingane. Grunnlaget blei vurdert opp mot dei krava til kvalitet barnehagelov, regelverk og forsking trekk fram som viktig for barn, seier Toft Ødegård.

Det meinte ikkje Mobarn var grundig nok, og klaga saka inn til Fylkesmannen.

– Kommunen såg berre på eit tal på eit papir på eit gitt tidspunkt, det er urimeleg av Molde kommune, seier Løkvik.

– Ikkje konkret vurdering

Fylkesmannen sa seg samd med Mobarn, og oppheva vedtaket til kommunen.

– Vi meiner argumentasjonen til kommunen var for lite utfyllande. Det gjekk berre på talet tilsette per barn, og var ikkje ei konkret vurdering. Kommunen burde gått inn og undersøkt nærare, seier Jørn Thomassen, fungerande utdanningsdirektør hos Fylkesmannen.

Det er ikkje noko bemanningsnorm i Noreg, og Fylkesmannen meiner derfor det ikkje var nok å konkludere med at barnehagane var uforsvarleg bemanna berre ut frå tala.

– Lav bemanning kan vere ein indikasjon, men for å konkludere noko må det undersøkast nærmare. Kommunen burde gått nøyare gjennom korleis drifta var, med å besøke barnehagane, snakke med folk, eller sett på vaktplanar og liknande, seier Thomassen.

Kan likevel måtte tilsette fleire

Fagsjef Toft Ødegård tar vedtaket frå Fylkesmannen til etterretning, og vurderar vidare oppfølging.

– Formålet med tilsynet er å sikre barna eit godt barnehagetilbod. Kunnskapsdepartementet har akkurat sendt eit nytt lovutkast på høyring. Det set krav til maks seks barn per tilsett, så om det skulle bli vedtatt blir bemanninga slik vi ønskjer, seier Toft Ødegård.

Med det nasjonale kravet må dei fleste barnehagane i Molde tilsette fleire.

– Det vil føre til styrka bemanning i mange barnehagar, og det er bra for kvaliteten i tilbodet til barna. Slik eg opplever det ønsker alle barnehagar å gi god kvalitet til barna, og for å gi dei det er det viktig at vi får færre barn per tilsett, seier Toft Ødegård.

På veg mot målet

Mobarn har ikkje tilsett fleire sidan tilsynet til kommunen, men ser heller ikkje negativt på eit krav om seks barn per tilsett.

– Det kravet introduserer vi med glede. Vi har allereie det talet i Fræna, og vi er på veg til å bevege oss mot det talet i Molde. Når det nye barnehageåret begynnar no i august aukar vi bemanninga, og skal halde oss under 6,4 barn per tilsett, seier barnehagesjef Løkvik.

Marie Løkvik, barnehagesjef i Mobarn. Foto: Agnar Gjendem
Gro Toft Ødegård, leder for seksjon barnehage i Molde kommune. Foto: Bjørn Brunvoll