(Smp.no) Jornet representerer Måndalen IL, men han er definitivt ikkje vaksen opp der. Spanjolen flytta til Måndalen i fjor saman med sambuaren Emilie Forsberg for å oppleve naturen og gjere noko nytt i livet. Jornet er ikkje kven som helst. Han har seks gonger blitt verdas meister i «sky running» og tre gonger blitt verdsmeister i ultraløp. I tillegg har han vunne alle dei store internasjonale fjelløpa, ikkje ein gong, men fleire gonger.

Tok ikkje ny rekord

Det var difor liten tvil om at det var Jornet som var favoritten før start opp Mefjellet søndag. Han vann med tida 48.05, som var seks minutt bak Johan Bugge sin rekord. Arrangøren var difor litt overraska over at tida ikkje vart betre.

– Han skal visstnok ha stoppa opp for å ta fleire bilete undervegs. Han bryr seg ikkje så mykje om rekordar, han koser seg nok meir når han spring, seier Magne Eivind Glomnes, som er ein av arrangørane.

For rundt to månader sidan brukte Jornet 26 timar opp Mount Everest, utan å ta med seg oksygentank. Det er ikkje kven som helst som kjem seg opp på verdas høgaste fjell, og definitivt ikkje mange som gjer det utan oksygentanken.

Verdskjend

– Han er kjend som verdas desidert beste fjelløpar, og seinast sist helg var han i Colorado i USA. Der sprang han i ei konkurranse som gjekk over 160 kilometer. Han vann den med god margin trass eit fall og skuldra ut av ledd i 130 kilometer, seier Glomnes.

Søndag var Jornet ein av totalt 160 deltakarar på Mefjellet opp. 68 av desse var med i konkurranseklassa. Bak Jornet var det Andreas Jansson frå IK Hakarspoikarna som kom med tida 50.42. Andreas Skylstad, Norangdal IL, tok siste pallplassen med 50.45.

Siger til Forsberg

I kvinneklassa var det Jornets sambuar, Emilie Forsberg, som kom først i mål på tida 55.38. Ho representerer også Måndalen IL. Ida Nilsson frå Måndalen IL tok andreplass på 56.17, medan Astri Waldal frå Hommelvik IL tok tredjeplass på tida 1.02.22.

Denne saka ble først publisert av Sunnmørsposten.

Emilie Forsberg og Kilian Jornet. Foto: Erik Birkeland