MOLDE: Med dyrare syklar og elsyklar er det stadig viktigare å kunne parkere slik at ramma får støtte og kan låsast fast i noko. I Molde sentrum kan ein gjere det mange stader: på stolpane rundt trea, i lyktestolpar, i tre og i skilt.

På hjørnet av Moldetorget står eit tre med ein sykkel parkert, og der kjem éin til trillande. Eigaren, Åsmund Solevåg (13), seier han syklar mykje, og låser tohjulingen sin same stad.

– Er denne løysinga grei nok?

– Ja, greitt nok, meiner han, før han forsvinn i vrimmelen i jazzgata.

Feil type stativ

Kommunen har sett opp grøne stolpar med «venger» til sykkelparkering i Storgata. I jazzveka blir dei mykje nytta til å feste salsbuene, men heller ikkje elles blir dei så mykje brukt:

– Vi har nok valt feil type. Det er ramma som må få støtte, og til det fungerer andre løysingar betre, særleg stolpane rundt trea here i Storgata, seier Björn Gregull, sykkelkontakt i kommunen. Gjennom erfaringar i sykkelbynettverket, veit ein no mykje meir om kva for løysingar som fungerer og ikkje.

Ved alle knutepunkt

Kommunen har ikkje bestemt seg for valet av løysingar i sentrum: – Det er mykje å velje i. Og ein del skal vere under tak. Vi må berre finne løysingar med farge og design som passar i atterreisingsbyen. Det er ikkje vanskeleg, men planane må tenkast gjennom og budsjettet må på plass.

– Kvar blir det sykkelparkeringar?

– På trafikkstasjonen, sjølvsagt. Og elles alle stader som er mål for syklistar: skular, institusjonar, kjøpesenter, offentlege bygg, idrettsanlegg ...

Startar med skulane

Betre løysingar i sentrum kjem, men ikkje med det første.

– Vi startar med skolane, sidan barn og unge skal prioriterast. Vi skal på synfaring på skolane for å sjå kva for løysingar som blir best og kvar dei skal plasserast. Fire av ti p-plassar for sykkel ved offentlege bygg SKAL vere under tak. For bedrifter er dette berre ei tilråding.

– Når blir det betre i sentrum?

– Dei første p-plassane for sykkel i sentrum framover, kjem med Sjøfronten og ved Brunvollkvartalet. Alle nye byggeprosjekt har krav om eit visst tal på p-plassar for sykkel. Det gjeld både bustadbygg, institusjonar og bedrifter. I kommunen pålegg vi oss sjølv desse krava også for bygg godkjende før krava kom, f eks skulane.

Alle må bidra

Gregull strekar under at alle må bidra, også private bedrifter, for at tilhøva for sykkel og syklistar skal bli betre i Molde.