Molde: – No vil eg ha meg ei Moldejazz-tskjorte, seier Eduardo Rodriguez til kona Gaby. Dei er på siste dag av perlebryllaupsfeiringa, og skal i dag tilbake til heimbyen Caracas i Venezuela.

– Vi har hatt det fantastisk i Romsdalen. Utsiktene er heilt forbløffande, seier señora Rodriguez.

– Ikkje fortel meg kva stader vi har vore, men dei fleste heiter noko med troll, seier señoren. Likevel kan han nemne Romsdalseggen som eit høgdepunkt.

Oljeproduserande land

Mens ekteparet beundrar naturen, er det folket som imponerer mest.

– Det Venezuela og Noreg har til felles er at vi begge er store oljeprodusentar. Kor inntektene frå olja går er derimot heilt forskjellig, seier herr Rodriguez.

60 prosent av norsk eksport er olje og gass, mens den same sektoren står for heile 95 prosent av Venezuelas eksport.

– Noreg bruker pengane frå olja på velværet til folket, det har vi sett dei siste to vekene. Om du reiser rundt i Venezuela ville du ikkje sett noko av inntektene frå olja. Du må vente i kø for å få brød, sjukehusa har ikkje nok medisin, og folk slit med å få tak i noko så enkelt som dopapir, fortel ektemannen.

Mens den venstreorienterte regjeringa i Venezuela først halverte prosentdelen som levde i fattigdom, har delen nærma seg tidlegare nivå etter oljekrisa, ifølge Venezuelas nasjonalinstitutt for statistikk.

– Til å begynne med støtta 80 prosent av folket regjeringa, i dag er 80 prosent av folket mot dei. Dei har vist at systemet deira ikkje funkar, og dei har korkje vilje eller ekspertise til å gi oss noko anna system, seier han.

Alt anna enn dette

– Løysinga er ei ny regjering, men den noverande vil ikkje gi frå seg makta, seier herr Rodriguez, mens kona finn fram ein video ho tok av ein demonstrant som blir slått ned på open gate.

– Det er brutaliteten du ser kvar dag, seier ho.

NTB melder 99 drepne i løpet av dei siste tre månadane med protestar i Venezuela. Protestane starta etter høgsterett prøvde å ta makta frå nasjonalforsamlinga, kor opposisjonen har eit knapt fleirtal.

– Regjeringa vil halde ved makta, men dei har folket mot seg. Vi vil ha ei anna regjering, seier herr Rodriguez.

– Kva regjering vil de ha?

Kva som helst regjering som vil endre systemet, og gi oss infrastruktur og helsevesen. Regjeringa har stempla opposisjonen som høgreorienterte, og kallar seg sjølv sosialistar. Men dette er ikkje sosialisme. Regjeringa er berre sosialistar i namn, og opposisjonen er ei samansmelting av mykje forskjellig. Eg bryr meg ikkje om neste regjering er frå høgre eller venstre, kva som helst er betre enn det vi har no, seier herr Rodriguez.

Forverrar seg

Om ei veke, den 30. juli, skal Venezuela gå til valurnene. Der stemmer dei på ei forsamling som skal endre grunnlova, som eventuelt kan gjere presidenten til diktator.

– Om vi ikkje får ei ny regjering vil situasjonen bli enda verre. Men kva kan vere verre enn dette? Folk som et folk? spør herr Rodriguez retorisk.

Ifølge det venezuelanske menneskeressursselskapet PGA Group har rundt 2 millionar venezuelanere emigrert frå landet dei siste 10 åra.

– Dette er utdanna folk som reiser bort. Situasjonen blir ikkje betre med regjeringa vi har no, seier ektemannen.

– Har de vurdert å flytte?

– Nei, vi flyttar ikkje. Vi elskar landet vårt, og vil vere ein del av løysinga. For å vere ein del av løysinga må vi vere der, svarer han.

Overvakast i utlandet

Ekteparet Rodriguez vil ikkje ha andletet i avisa, og bruker pseudonym. Dei fryktar straff når dei kjem heim til Venezuela.

– Eg veit dei vil lese dette i ambassaden i Oslo. Regjeringa overvakar all opposisjon. Vi har nære venner som få veker før vi kom hit blei arrestert for å vere på eit politisk møte, sjølv om dei ikkje er politisk aktive sjølve. Vi gjer vår vesle jobb med å gjere situasjonen kjent utanfor landegrensene, men vi veit vi risikerer å få passet konfiskert, og moglegvis fengsel, seier herr Rodriguez.