– Midsund har ei lang fiskerihistorie, der Antonbua har spelt ei sentral rolle. Forteljingane om dette er viktig å bringe vidare, seier Jarle Sanden, direktør ved Romsdalsmuseet.

Har vurdert

Han opplyser at museet har hatt inne fagfolk som har sett på alt av historisk kystkultur som er samla i tilknyting til Antonbua, og vurdert materialet etter faglege kriterium.

– Vi har hatt våre folk der, har sett på alt, og har teke stilling til kva som bør takast vare på vidare på reint fagleg grunnlag, seier Sanden.

1900-talet

– Det som er spesielt for Midsund, er at her finn vi ting som viser kontinuiteten og utviklinga i fiskeria på 1900-talet. Det viser den spennande overgangen mellom det gamle fisket til moderne fiskeri. Antonbua frå 1912 er slik sett ei historiefortelling i seg sjølv, seier Sanden. Og nemner særleg klippfiskproduksjonen som var omfattande også her.

Utstillingar

I prosjektet der Antonbua etter planen skal inngå i eit administrasjons- og næringsbygg, er planen er at Romsdalsmuseet skal lage historieutstillingar ei rekke stader i huset.

– Vi tenker oss nisjer i vegger og glasmontrar i ulike rom, med gjenstandar og fotografi, eventuelt eit rom med fiskerihistoria som tema, seier Sanden, og viser til at dette konseptet har vist seg å fungere godt andre stader.

– Fiskerihistoria vil slik sette preg på huset, vi trur det kan bli ein spennande. Og attraktivt ikkje minst for skuleklassar og lokalmiljøet elles, seier Sanden.

Båt

Men mange båtar vert det ikkje nødvendigvis snakk om.

– Kva med større gjenstandar, som båtar?

– Det bør vel vere ein båt eller to i første etasje av bygget, vi kan ikkje snakke fiskeri utan båt. Og så ligg trålarane ved kai like utanfor, det viser linjene mellom det gamle og det nye.

– Kva med det andre som er samla?

– Om det er ting av stor verdi som det ikkje er plass til, får vi eventuelt ta det inn til Fiskerimuseet på Hjertøya. Men vi må sjå på dette samla, altså i samanheng med dei andre samlingane våre. Ein kan ikkje ta vare på alt, vi må prioritere det som er særeige for Midsund, og som kompletterer samlingane elles, seier Sanden.

– Kva betyr det at den private samlinga ikkje vert tilgjengeleg?

– Det gir ikkje konsekvensar for oss. Vi har kartlagt materialet samla, og har i hovudsak det som trengst. Manglar noko, kan vi supplere med ting frå Fiskerimuseet, eller vi kan eventuelt låne gjenstandar frå andre, seier Sanden.