Reidar Misund, som har hatt si private kystkultursamling i Antonbua og i naustet ved bua, er no i ferd med å flytte samlinga.

Flyttar heile samlinga

Samlinga omfattar om lag 15 båtar av ulike typar, ein god del frå jakta «Embla», og ein god del frå lokal kystkultur.

– Det er snakk om historiske båtar og materiale frå Romsdal, dei eldste er frå slutten av 1800-talet, den nyaste er frå 1960-talet, seier Misund.

Til Kristiansund

Båtane som stod i naustet er tekne ut, og står no utanfor i på vente av flytting i løpet av sommaren.

– Kva lokale vert samlinga flytta til?

– Det er eit lagerlokale i Kristiansund, utan at eg vil seie meir om det, seier Misund.

– Miljø for kystkultur

Han grunngir flyttinga nordover med at det på Nordmøre er eit miljø der kystkultur vert verdsett, på ein heilt annan måte enn i Romsdal.

– Kva vil flyttinga ha å bety med tanke på at Romsdalsmuseet vil stille ut viktige gjenstandar frå Midsunds fiskerihistorie?

– Museet har ikkje vore her og registrert mine ting, tvert om har dei ved tidlegare høve sagt at dei ikkje fann noko av kulturhistorisk verdi i samlinga mi. Så det er ikkje ei aktuell problemstilling, seier Misund.

– Blir akterutsegla

– Romsdalsmuseet er sikkert bra på sine område, men ikkje når det gjeld kompetanse og aktivitet innan kystkultur – i motsetnad til musea på Sunnmøre og Nordmøre.

– Romsdal vert akterutsegla, både sør og nord for oss er musea aktive pådrivarar. Lokalt er det lite som skjer, det einaste kystkulturarrangementet vi har er på Bjørnsund, der det er private som står på, seier Misund.