Møre og Romsdal fylkeskommune har ved fleire høve gjort Eide kommune merksam på at Møllerop-huset er eit verneverdig kulturminne som kommunen burde ta vare på. Bygningen har etter fylkeskonservatoren si meining stor lokale verneverdi.

Gjekk ikkje til motsegn

Sist fylkeskonservatoren uttalte seg om verneverdien av huset var i desember 2013 i samband med reguleringsendringa for området, som no er i ferd med å bli sett ut i livet.

Fylkeskonservatoren valte den gongen ikkje å gå til motsegn mot planen sidan kulturminnet ikkje er vurdert av regional verdi.

Det er såleis ei kommunal sak å ta vare på kulturminnet.

Ønskjer lykke til

Tidlegare har det vore problematisk å finne ein bruk som har kunna sikre Møllerop-huset. Når det no ser ut til å vere ein aktør som ønskjer å ta vare på bygningen, ser fylkeskonservator Bjørn Ringstad på dette som svært positivt.

Han ønskjer lykke til og stiller seg open for å gje faglege råd i samband med ei restaurering.

Møllerop-huset

Møre og Romsdal fylkeskommune ved fylkeskonservator har opp gjennom åra vore engasjert i bevaringa av Møllerop-huset.

Eide kultur- og miljøstyre vedtok i 1988 å bevare huset. Av saksutgreiinga frå den gongen står det at «Med en god bevaringsplan og en fin hage rundt, vil stedet bli et pusterom i sentrum.» Vidare at dette vil vere det mest framtidsretta av alternativa som blei lagt fram og at «En bevarer et visst miljø i sentrum.»

Vedtaket den gongen var basert på ein plan vedtatt i bygningsrådet året før.

Historikken

Året etter summerte dåverande fylkeskonservator Jens Petter Ringstad opp historikken og verneverdien av bygget i eit brev (4. desember 1989) til Eide kulturstyre. Av dette går fram det at Møllerop-huset var bygd av skomakar Gunder Arntsen Silset og kona Ane Margrete ein gong like etter 1900. Årstalet var litt usikkert, men skøytet på eigedomen er frå 1903.

I 1917 blei huset seld til Martin Ellingsen Kristvik, men alt i 1920 blei det overtatt av Frederik Møllerop frå Kristiansund. Han og familien brukte det som feriestad fram til 1940.

Etter bombinga av Kristiansund i 1940 flytta familien permanent til Eide, der dei blei buande til jula 1947.

Møllerop var ein kjent familie i Kristiansund og dreiv mellom anna Møllerop Hotel frå 1856.

Bygning i god stand

Møllerop-huset har stått tomt ein del år, men skal ut frå kva fylkeskonservatoren har fått høyre likevel vere i påfallande god stand. Dette er ein trebygning i to etasjar med grunnflate 15 x 6,5 meter. Taket har salform og er tekt med skiferstein.

Fasaden mot aust og nord har liggande bordkledning, mens den er ståande mot vest. Vêrveggen mot sør (sør-søraust) er kledd med bølgeblikk.

Bygget har trekk frå sveitserstilen. Omramminga av vindauge og verandaoverbygg ved inngangane er typisk for sveitserstilen, opplyser fylkeskonservatoren.

Fylkeskonservator Bjørn Ringstad. Foto: Ottar Ryjord