Anny Sønderland (60) er tilsett som rådmann i Sandøy kommune, etter vedtak i Sandøy kommunestyre.

– Dette er ei spennande stilling, med ansvar for eit breitt fagområde, i ein flott kommune, seier Sønderland til Rbnett.

Sønderland er busett i Molde, og kjem frå stilling som forvaltningsrevisor i Møre og Romsdal Revisjon IKS.

– Stillinga er tidsavgrensa,  sidan Sandøy i 2020 går inn i nye Ålesund kommune?

– Ja, ein del av jobben blir å delta i prosessen med samanslåing av kommunane, det blir interessant, seier Sønderland.

Rådmannsprosess i storkommunen

Prosessen med å finne ny rådmann i den nye storkommunen er i gang.Sandøy kommune opplyser på sine nettsider at rekrutteringsfirmaet Amrop Delphi har fått tilslaget om å finne rådmann til nye Ålesund kommune.

Det vert opplyst at selskapet skal bistå i utforminga av stillingsannonse og –profil for den nye rådmannen,  og finne og oppfordre gode kandidatar til å søke stillinga.

Amrop Delphi tek i mot søknadane og gjennomfører intervju i samarbeid med tilsettingsutvalet.

Det er ordførarene i dei fem kommunane som utgjer utvalet  saman med ein tillitsvald som representerer dei tilsette i kommunane.

Rekrutteringsfirmaet skal òg ha samtalar med dei som er rådmenn i dei fem kommunane no.

– Kan du tenke deg stillinga som rådmann i den nye kommunen?– Det er nok ikkje er aktuelt. For meg er det det å få jobbe for Sandøy kommune som er  spennande, så eg skal nok ikkje søke på rådmannsstillinga i den nye kommunen.

Min motivasjon er å få jobbe med sentrale tenester for befolkninga, og hjelpe til i  lokaldemokratiet i Sandøy, poengterer Sønderland.

Startar til hausten

Ho røper at tilknytinga til øykommunen for hennar del hittil for det meste har vore avstandsbasert.

– Eg er oppvaksen i Brattvåg med utsikt til Harøyburet! Men eg har jo besøkt kommunen, og kan seie at det er ein flott plass, seier Sønderland.

Ho reknar med å starte i stillinga til hausten.