MIDSUND: – Det kjennest veldig godt! Og denne gongen skal det vare! No har eg slutta for godt, slår midsundordførar Odd Helge Gangstad fast.

Slutt

Han refererer til at han er røykfri, og at for ein del år tilbake la vekk røyken, men sprakk.

– Den gongen tenkte eg «halde opp», og det varte vel eit par år. Eg blei så trygg at eg tenkte det var greitt med litt møterøyk og liknande, at eg kunne kjøpe ein 10-pakning av og til. Plutseleg var det på'n igjen. Det skal ikkje skje no, lover Gangstad, og presiserer at no er det annleis, no har han «slutta».

Tverrstopp

Han bestemte seg for røykekutt utan å seie det til nokon.

– Eg var i Brussel i vår, og bestemte at når eg kom heim derfrå, var det slutt. Eg har eigentleg tenkt på det i årevis, og begynte før jul å planlegge det som eit mål. For meg er det tverrstopp som gjeld, nedtrapping fungerer ikkje. No var det eit godt høve, dette var knaggen eg hadde bruk for, fortel Gangstad.

Gretten

Det har funka – bortsett frå at han erkjenner at han nok vart ganske gretten og ikkje var lett å ha i hus første tida etterpå.

– På heimebane fekk eg beskjed om enten å folke meg, eller å begynne å røyke igjen. Så da vart det plaster, av sterkaste sort. Det funkar, no er eg over det, seier Gangstad.

Innrøykt

Han anslår at han siste åra har røykt 10–15 sigarettar om dagen, eller om lag 5 pakkar i veka.

– Det kunne dra på seg, med møterøyk og med reising. Eg var godt innrøykt, har røykt sidan eg var ungdom, seier Gangstad.

Stress

Han poengterer korleis røyken har lagt premissar i kvardagen.

– Det er ei sterk gift, nikotin, det er ikkje å spøke med. Ein vert verkeleg heilt avhengig. Det er frykteleg, røyken styrer livet aldeles. Ein finn på allverdas unnskyldningar for å sikre seg røyk. Og ikkje minst er det stress med å passe på at ein alltid har røyk og lighter tilgjengeleg, på linje med telefon og betalingsmiddel, seier Gangstad.

– Vinnarfølels'

Ikkje-røykaren fortel at det er ei skikkeleg god kjensle når han no kan handle i butikken utan å vere oppteken av å sikre seg røyk.

– Vinnarfølels! Og kroppen har det betre, sjølvsagt. Eg kjenner det på pusten, og på luktesansen som kjem tilbake. Eg merkar både blomster og naturen elles, og ikkje minst den svært sterke lukta av oskebeger – det legg ein ikkje merke til når ein røyker.

Taktikk

Gangstad let gjerne flest mogleg få vite at han har slutta.

– Eg har som taktikk å annonsere i flest mogleg samanhengar at eg har slutta, da vert fallhøgda enorm, flirer ordføraren. Han posta fornøgd «Stolt i kveld, røykfri i 1 månad» på Facebook da han hadde halde seg unna sigarettane ein månad.

Responsen var over 500 «likes» og oppmuntrande kommentarar. Og i møtesamanheng fell det mange spøkefulle kommentarar om at det no vert verre med pausar, etter at møteleiaren ikkje lenger treng røykepause.

Røykemøte

Som ordførar har han før praktisert små «røykemøte», med drøfting av ting medan han sjølv og andre har røykt.

– Eg og teknisk sjef i kommunen til dømes, har gjerne teke praktiske samtalar i kombinasjon med ein blås. Eg var litt spent på korleis slikt ville gå no etter røykeslutt, men det viser seg å gå heilt supert. Det gir ei god kjensle, «seiersøyeblikk» som eg passar på å ta vare på.

Gir gjerne råd

– No spørst det berre om eg klarer å halde vekta, eg har gått over til søtsaker, haha, flirer Gangstad.

Men poengterer alvorleg at han håper hans historie kan inspirere andre til å slutte å røyke.

– Eg stiller gjerne opp, om noko skulle ønske råd, seier han.