NESSET / MOLDE / MIDSUND: På felles kommunestyremøte i Nessethallen torsdag, vart fellesnemnda presentert.

– Som eit kommunestyre

– Fellesnemnda er som eit kommunestyre fram til den nye kommunen er på plass. Nemnda skal mellom anna følgje opp framdrifta til delprosjekta som er i gang, vedta budsjett for bruk av eingongsstøtta, og vidare organisering, forklarer prosjektleiar Britt Rakvåg Roald.

Ho skal komme med tilrådingar til fellesnemnda, som truleg vil møtast om lag ein gong i månaden. Første møte vert 28. juni.

Reknar med plasseringsdebatt

– Møta i fellesnemnda vert opne for publikum på vanleg måte. Vi trur det er stor interesse, og siktar på streaming frå møta, seier Rakvåg Roald.

– Kva reknar du med vert mest utfordrande?

– Overordna søker kommunane løysingar dei er einige om. Men når ein skal ta stilling til kva som skal plasserast kor, er det vel naturleg om det vert debatt, seier Rakvåg Roald.

Det vert no kartlagt kva fagmiljø dei ulike kommunane har, som grunnlag i prosessen vidare.

– Eit av måla for nykommunen er større og sterkare fagmiljø, som vil gi eit betre tilbod til innbyggarane, seier Rakvåg Roald.

Torgeir Dahl leiar

Ordføraren i Molde skal vere leiar for nemnda.

– Som det står i vedtektene, skal vi arbeide for å finne løysingar som er breitt forankra, og som alle kan ha eigarskap til, seier Torgeir Dahl.

Han vektlegg at løysingane skal gagne både den einskilde kommunen, og fellesskapet.

– Blir det mykje by-land-problematikk?

– Så langt har det ikkje vore problem. Men vi har sett i debatten at det er uttrykt uro både i Nesset og Midsund for at dei skal bli enda meir utkant, og stå enda lenger unna der avgjerder vert tekne. Men nemnda har like mange medlemmer frå kvar kommune, poengterer Dahl.

Opposisjon

I nemnda sit også Terje Tovan (Borgerlista), kjend for opposisjon i kommunestyret i Molde:

– Men i fellesnemnda blir det saker, ikkje dogme som gjeld. Vi skal diskutere breitt, og finne fornuftige svar, seier Tovan.

– Men det finst ulike syn?

– Ja, særleg innan samferdsel. Også styreleiar for Møreaksen – som eg er heilt mot – sit jo i nemnda. Men det viktige er at vi har felles mål, nemleg fastlandssamband for Midsund og Aukra, seier Tovan.

– Vil jobbe for Midsund

– Eg gler meg til å komme i gang, det blir mange store og viktige avgjerder å ta, og bra å få begynne å lande ting, seier Inger-Lise Trønningsdal (H) frå Midsund.

Og vektlegg at det blir viktig å få gode avtalar for Midsund.

– Kva ser du som mest krevjande?

– Økonomien. Vi må nok begynne å jobbe på andre måtar, mellom anna ved å ta i bruk ny teknologi. Og så må vi få fart på næringsutviklinga!

– Vil jobbe for Nesset

– Vi skal gjere det beste ut av det, seier Toril Melheim Strand (Ap) frå Nesset. Ho var mot samanslåing, men vil no jobbe for å representere Nesset, og at Nesset skal komme best muleg ut.

– Kva vert største utfordringa?

– Forhandlingar er alltid krevjande, men det skal gå. Det vi fryktar er pengeknipe, kva kutt som kan komme og om det vil ramme tenester vi har i dag. Vi er redd for skular, barnehagar og institusjonsplassar–som vi treng å behalde som før.