Gossen: – Sett dykk tverrpolitisk, så det ikkje blir å gå i dei same gamle tankane.

Slik startar dialogmøte mellom administrasjonen og styret i Aukra kommune.

Plansjef Kjell Lode har oppgåva å lage samfunnsdelen av kommuneplana. Heile kommunen vil dei neste åtte til ti åra styre arbeidet sitt etter den, så målet er størst mogleg oppslutning.

Sjå framover

Ordføraren tar sjølv ordet for å legge opp til arbeidet som no skal gjerast.

– Vi treng ikkje bli samde i dag, det kan vere forskjellige syn på ting. Vi skal likevel snakke saman og lære frå kvarandre, seier Bernhard Riksfjord. Han er innom samspelet mellom folkevalde og administrasjonen i kommunen, lagkjensle blant politikarane, næringsliv, tilflytting, notid og framtid, før han slår fast:

– Vedtak fatta av formelt folkevalde organ er alltid rett. Ein kan vere usamd, men vi må arbeide saman om vala som er tatt.

Plansjef Lode minner politikarane på at målet for dagen er å sjå fram til 2025, og få fram dei store trekka som vil vere viktig framover.

– Det er ei veldig stor oppgåve vi skal ta inn over oss. Vi må sjå kva som blir utfordringane fleire år fram i tid.

Så setter dei i gang.

Samla rundt bord og sak

På eit bord snakkar tidlegare ordførar Aud Mork om integrering, og kor viktig det er å få god nok kompetanse i sjølve Aukra kommune til å lære opp flyktningar i norsk. Folkehelse blir òg diskutert, og alle nikkar etter at ein seier det vil bli store forandringar i tida som kjem.

– Vi må ha eit sterkast mogleg utgangspunkt for framtida. Det treng ikkje eingong vere eit tema om vi skal vere eige kommune, no er vi det, da må vi gjere det som er best for Aukra, seier Ole Rakvåg (H), ved det neste bordet, og blir møtt med semje blant dei fire andre som sit der.

På eit tredje bord snakkar Kevin Solem (Ap) om at det har vore lite rom for å bygge nye bustader på heimgarden og ved sjøen. Det har vore stort fokus på felt, seier han, før diskusjonen dreier seg om å marknadsføre dei tomtene dei har. Da tar Helge Kjøll fram tilbod som kulturhuset og bassenget. Han vil ikkje sitte og angre seinare på at dei ikkje bygde kulturhuset ein meter eller to breiare.

– Det må bli så bra som mogleg når vi først bygger, seier Kjøll, og ingen seier seg usamd.

På det siste bordet er det næringslivet som opptar dei. Olav Myrseth Oterhals (V) flytta sjølv bedrifta si inn til byen etter problem i heimkommunen.

– Vi må sjå på Molde, og kva dei gjer med høgskulen. Der har dei fått eit flott miljø, seier Oterhals, som grunngir flyttinga blant anna med at det blei einsamt i Aukra kommune.

Det diskuterast ikkje så mykje rundt borda. Det er ikkje politikarane mot kvarandre. Det er Aukra mot fråflytting, arbeidsløyse, eldrebølga, og dei felles utfordringane samfunnet står overfor i åra som kjem.

Øvst på hierarkiet

Møtet på tysdag var berre eit av mange som skal få fram kva Aukraværingane faktisk meiner om framtida.

– Alle som har noko å seie skal få sjansen til å seie det, vi vil ha innspel. Framover no skal vi bruke nettstaden vår, Facebook, og folkemøtar for å høyre kva folk meiner om framtida, seier ordførar Riksfjord.

Resultatet kjem i form av ein samfunnsdel av kommuneplana.

– Samfunnsdelen skal gjennomsyre all tenkning. Folkehelse, integrering, næringsliv, beredskap, barn og unge. Den skal vere del av alt du gjer og er planhierarkiet, seier plansjef Lode.

Ein ny samfunnsdel kjem berre kvart 8.-10. år, og skal overleve to valgperiodar.

– Involvering av befolkninga er ein stor del av det når vi lagar ein ny samfunnsdel. Vi vil vite kva folk ser for seg, for da får dei eit eierskap til utviklinga av samfunnet. Det er ein grunnleggande del av demokratiet, sjølve folkestyret, seier Lode.

Aukra Næringsforum har allereie vore i dialog med kommunen, og både Eldrerådet og Ungdomsrådet står for tur, saman med folkemøtar tar det tid.

– Vi har sett oss eit relativt ambisiøst mål på litt over eit år, og håpar på å vere ferdig med arbeidet i februar 2018, seier plansjefen.

Frivillige, sykler, og flyktninger

Tre politikarar hadde kvar sin sak dei virka ekstra engasjert over, da dei felles presentasjonane var ferdige og det kom til diskusjonsrunden.

– Aukra er godt i gang med integrering. Vi fikk mange flyktningar på ein gong, og dei er det viktig å følge opp. No skal dei slippe å reise for å få opplæring, men det vil kreve at kommunen har kompetanse. Kompetanse innan språk, samfunnskunnskap, seier Aud Mork, tidlegare ordførar og no vararepresentant for KrF.

– Også må vi huske på at det er individer det her, kvar av dei skal helst ha tilrettelagt læringa. Det blir krevande. Eg trur òg det er viktig at alle innbyggarane er inkluderande. Slik går det bra med dei som har kome til oss, og dei vil føle seg som heime, fortel Mork.

Grant Solem frå Frp er også glad for inkluderende menneske, men meiner det er vanskeleg å ta vare på dei.

– Det er ei utfordring å halde på frivilligheita. Det skal berre ei eldsjel til for å drive eit heilt lag, da må vi ta vare på dei, seier Solem, som sjølv fekk støtte til å starte ein paintballklubb for nokre år sidan.

– Kommunen ga meg 35 000, det var heilt avgjerande. Vi har eit frivillig fond på 2 milliarder kroner no, eg vil at det skal vere større. Det er ikkje noko å skjule at vi bur i ein rik kommune, om du søker om 20 000 kroner til eit frivillig formål burde du få det, seier Solem.

Helge Kjøll frå KrF ser for seg Aukra som ein framtidig sykkelkommune.

– Ein sykkelkommune er ein knallgod idé. Det er bra for miljøet og folkehelsa, og vil sette kommunen på kartet på ein veldig positiv måte, seier Kjøll.

Aukra har allereie ein del naturstiar, og mykje gang- og sykkelveg.

– Trafikksikkerheten er på plass, det er berre om å gjere å skape ein kultur for sykkelbruk. Det har vore snakk om å finne noko særskilt med kommunen, sykkel kan vere bra til marknadsføring av kommunen, seier Kjøll.

Inkluderande folk: Aud Mork frå KrF var opptatt av at alle i samfunnet skulle hjelpe til med integrering av flyktningar. Foto: Svein Olav Sæter
Sykkelkommune: Helge Kjøll frå KrF vil ha ein skikkeleg sykkelkultur i kommunen. Foto: Svein Olav Sæter
Frivilligheit: Grant Solem frå Frp var opptatt av å ta vare på eldsjelane i lokalsamfunnet. Foto: Svein Olav Sæter