Midsund kommune set av inn til 2,2 millionar kroner til flytande gangveg mellom Midsund Marina og Tusenårsstaden, og 750.000 kroner til opprusting av Tusenårsstaden i sentrum.

Kommunestyret går samrøystes inn for dette, etter tilråding frå rådmannen.

Flytebryggegangveg

Gangvegen, eller flytebrygga, er tenkt å gå langs fleire tomter i sjøkanten – tilsvarande løysingar finst både i Ålesund og Kristiansund sentrum.

Midsund Marina skal stå for å få i stand avtalar med aktuelle grunneigarar. Det ligg også inne i planen at Midsund Marina går inn med 1,1 millionar kroner.

I kommunestyret undra Magne Reiten (Sp) om dette vert gangveg eller flytebrygge, og korleis ein skal sikre tryggleik og universell utforming.

Kolbjørn Stølen (H) poengterte at det er sterkt ønske om ei slik løysing, som vil bli veldig bra for dei mange som vil besøke Midsund med båt.

Tusenårsstaden

Tusenårsstaden skal etter vedtaket rustast opp med mellom anna legging av plen, meir tilplanting, oppsett av sittegruppe og leikeapparat, og ei meir forseggjort avslutning mot sjøen.

– Vi manglar ein stad i sentrum der det er plass for at barn kan leike. Får vi til det, er det veldig bra, kommenterte Adrian Sørlie (H).

– Plassen er så langt lite brukt. Her kan vi få stor effekt med små midlar, sa Inger Lise Trønningsdal (H).

Neste år

Prosjekta vert sett i samanheng med reformmidlane Midsund kommune får etter avtalen om å gå inn i nye Molde kommune.

Tiltaka er planlagt ferdigstilt til våren 2018.