Framande arter skal bort fra naturen

Fylkesmannen har prioritert fem utbreidde framandartar som skal bort frå den norske naturen.

Utrydda Rynkerosa har blitt spraya med gift og klipt ned. Biolog Sigrid Venås seier det vil sjå vanleg ut igjen etter eit par sesongar.   Foto: Svein Olav Sæter

Svartelista Parkslirekne (Reynoutria Japonica) er blant dei fire framande artane biolog Sigrid Venås reiser rundt i fylket og registrerer, her på Bolsøya.   Foto: Svein Olav Sæter

Pluss +

Molde: – Rynkerose, kjempebjørnekjeks, parkslirekne, legepestrot, og kjempespringfrø er ganske mykje utbreidd, men ikkje så mykje at det er umogleg å få stoppa dei, seier Sigrid Venås.

Venås er midt mellom ein bachelor og master i biologi på NMBU i Ås, og brukar sommaren på å registrere svartelista artar i heimfylket.

– Eg reiser rundt omkring i heile Møre og Romsdal, og plottar inn på GPS kor eg finn artane vi har prioritert i år, seier Venås.

Aggressive og store

Dei fire artane blei vald fordi dei er særs konkurransesterke, og utgjer ein stor trussel for stadeigne og utryddingstrua artar som Fylkesmannen vil bevare.

– Det er store, aggressive plantar, som spreier seg fort. Det er viktig å unngå at framande artar spreier seg, for å bevare det biologiske mangfaldet vi har i Noreg, seier biologen.

Planteartar som etablerte seg i Noreg etter 1800 blir rekna som «framande», mens dei som var her naturleg før den tid er «stadeigne».

– Dei framande artane høyrer ikkje heime i Noreg. Dei blei innført av menneske, så har dei «rømt» frå hagane. Ofte spreier dei seg gjennom dumpa hageavfall, fortel Venås.

Svartelista

Mange av artane, spesielt rynkerose (rosa rugosa), har etter innføringa også blitt planta av det offentlege, og ein kan finne nokre førekomstar på kommunal grunn i Molde.

– Svartelista kom første gong i 2007, og før det var ikkje folk klar over at det var eit problem. No plantar ikkje folk dei lengre, og mange av dei er ikkje lov å selje i Noreg, seier Venås.

Artsdatabanken kom med ei oppdatert svarteliste i 2012, og kjem med enda ei i 2018. Publikasjonane skal forhindre meir spreiing.

– Det viktigaste er at folk veit om det. Mange har ikkje peiling på at dei har framande artar i nærleiken, eller til og med i hagen. Viss folk finn ut at det er eit problem og blir bevisst på det, trur eg det vil forhindre mykje spreiing, seier biolog Venås.

Du kan hjelpe

Når ein først er bevisst på problemet, er det fleire måtar ein kan hjelpe til på.

– Viss du har svartelista artar i hagen, vær obs og følg med. Fjern dei om dei spreier seg, og lever hageavfallet på godkjente avfallsstasjonar, oppfordrar Venås.

Mens Venås bruker ein del tid på kart for å sjå moglege stader det kan vere framande artar, får ho òg ein del hjelp frå folk som tipsar ho.

– Det er veldig artig når lokalbefolkninga hjelp til og folk engasjerer seg. Dei fleste er positive, og vil få bort dei aggressive artane. Det var til dømes mykje hjelp å få i Solemdal. Eg tar gjerne imot tips, og brukar nettstaden Artsobservasjonar ein del, der kan alle legge inn observasjonar, fortel biologen.

Råd å få bukt med problemet

Nokre planteartar på svartelista er for utbreidd, men Venås har tru på at ho skal få stansa nokre av dei.

– Lupin er svartelista, men den er det så mykje av, at det er vanskeleg å gjere noko med han no. Parkslirekne kan bli vanskeleg, for den er det også mykje av, men Fylkesmannen føler vi skal klare å avgrense dei artane vi no har prioritert, seier Venås.

Sjølv om det vil ta arbeid over fleire år, er Venås positiv til at det skal gå å avgrense spreiinga av artane, og fjerne mykje av dei.

– Rynkerose skal det vere mogleg å få bukt med. Trur eg. Håpar eg.