Når Galleri Milda inviterer til årets først kunstutstilling, så har sommaren kome til Gossen. Med 23 utstillingar i ryggsekken, har gallerieigarane Milda og Odd Kristian Varhaugvik gitt tilreisande til det eksotiske galleriet på heimgarden i Buktå opplevingar både innandørs og ute.

Gjennomtrekk

Den restaurerte løa som husar kunstutstillinga fungerer best med sommartemperaturar, og spenninga er om ver-gudane nok ein gong vil vere på drivarane si side under åpninga komande laurdag kl. 14.00.

Ein av årets utstillarar er Oppdal-kunstnaren Bent Owesen.

– Eg har mange møringar som kjenner til kunsten min frå Oppdal, så eg håper dei tek turen, seier han forventningsfullt.

Glasfat, skåler og vindu-pynt i sterke, klare fargar kjem til sin rett i dei gamle løe-vindua i Varhaugvika, og viser kompleksiteten i kunstverka hans, som han insisterer på er laga for å brukast.

– Dette er gjenstandar som tåler bruk, og som ein kan site og studere for stadig å finne nye, spennande detaljar, fortel han.

Glas-fusing

Owesen er utdanna keramikar, men starta med glas-fusing på byrjinga av 1990-talet.

– Eg utdanna meg i Tyskland og fann at fargane og uttrykka i glas-fusing passa gemyttet mitt godt. Fargane har kome gjennom ein omstendeleg teknisk prosess, der ein hårfin balansegangen mellom kva uttrykk eg ønsker å oppnå ikkje må trekkast for langt i forhold til den tekniske prosessen. Det er mange lag med glas og farge som ligg i eit slikt fat, forklarer han og syner dei spesielle detaljane i nokre av fata sine.

Spennande

Akvarellar av Trondheims-kunstnaren Hilde Karlsen er også å finne på årets kunstutstilling. Avdempa fargar og konkrete, gjenkjennelege motiv frå kystkulturen kjenneteiknar kunsten hennar.

– Dette er utstilling nummer 23 på Galleri Milda og det er like spennande kvart år, fortel Milda og Odd Kristian Varhaugvik.

I tillegg til sjølv å stille ut eigne kunstverk, har Milda luka og ordna i den store og fargerike hagen i Buktå, bakt kringler og gjort klar for årets sesong, medan Odd Kristian er dekoratøren som tek seg av det tekniske med utstillinga.

Vil gje nye inntrykk

– Motivasjonen for å halde på med dette er å kunne gje dei besøkande nye inntrykk og ei oppleving av kunst. Kunst er ein viktig del av livet vårt og vi synes det er så gøy å dele, fortel Milda, som innrømmer at ein blir litt sliten også.

– Det går litt heimebakte kringler og kaffe i løpet av sommaren, så når hausten kjem blir det ikkje baka noko som helst her, ler pensjonisten.

Også i år har salgsutstillinga kunstglas frå Knapstad Glass i Kristiansand.

Kunstutstillinga på Galleri Milda åpnar førstkomande laurdag og står til 16. juli. Då kan ein kome innom onsdag til fredag frå kl 17 til 20, og i helgene frå kl 14 til 18. Ellers etter avtale.

Oppdalskunstnaren Bent Owesen er utdanna keramikar, men har dei siste tjue åra også drive med glas-fusing. – Fargane og motiva,både i glas og keramikk, er henta frå Isgrotta i Trollheimen, men er fargar ein kan oppleve også ved kysten, meiner han Foto: Gunn E. Aarønes
Bent Owesen sin kunst er laga i glas-fusing, og er ei oppleving i fargar. Foto: Gunn E. Aarønes