MIDSUND: Midsundpolitikarane drøfta i kommunestyret torsdag korleis ein best kan bruke reformstøtta kommunen får i samband med kommunesamanslåinga.

Reformstøtta skal i sin heilskap brukast til investeringar i Midsund kommune, og forvaltast av noverande kommunestyre.

Rådmann Ketil Ugelvik la til møtet fram eigne saker om støtte til fjelltrapper, opprusting av Tusenårsplassen og flytande gangveg mellom Midsund Marina og Tusenårsplassen.

– Rask bruk

– Viktig å bruke desse pengane raskt, så folk ser at noko skjer, sa Frits Inge Godø (V).

Han ville ha lagt til eit punkt til på lista, nemleg turveg i Nord- Heggdal, frå kapellet inn til setra.

– Må ha god plan

– Det er viktig å ha ein god plan, og ikkje svi av pengane tvert, sa Magne Reiten (Sp).

– No har vi endeleg pengar mellom hendene, det er kjærkomme og første gong eg som politikar opplever. Da må vi tenke på kva som er aller viktigast – for meg er god skule første prioritet, sa Reiten, og spurde kor sikker ein kan vere på at ramma for ny skule på 100 millionar vil halde. Han spelte også inn fiberutbygging, og spurde om det er mogleg å få til det også utanom sentrum.

– Gangveg viktig

Arnstein Midsund (KrF) poengterte gangveg over brua som svært viktig, Her har det vore mange trafikkfarlege situasjonar der gåande og syklande har vore i fare.

– Eg støtter lista som den er, og også å legge til fiberutbygging. Fram mot 2020 skal vi nok få til det meste på lista, sa Misund.

Treng utgreiing

Ordførar Odd Helge Gangstad (Sp) understreka at ein no må få greidd ut kva som er mogleg, mellom anna om gangveg over brua, og kva det vil koste. Administrasjonen er pressa, så kommunen må ut og kjøpe utgreiingstenester.

Lista fekk i løpet av møtet altså tilleggspunkta turveg Nord-Heggdal, og fibersatsing.

I saka om støtte til meir fjelltrapper, opplyste rådmannen til applaus at trappene til Digergubben har fått full utteljing med 2 millionar kroner i tippemidlar. Han rådde til at kommunen også støttar opprusting av stien til Rørsethornet.

Ros til prosjektet

Mange representantar lovpriste trappeprosjektet.

– Utruleg positivt. Folk strøymer til, dette gir Midsund positiv merksemd og godt omdømme, sa Inger Lise Trønningsdal (H).

– Ei utrulg utvikling. I 1986 fann vi ikkje stien til Rørsethornet, i dag er det så mange som tek turen at stien eser ut og området vert slite ned. Her bør ein inn med tiltak, sa Godø (V).

– Hit, men ikkje lenger

– Ja, det er fantastisk bra, men eg er kritisk til at saka må avgjerast i all hast som det har blitt no, sa Magne Reiten.

Han gjekk likevel med på ja til opprusting av stien til Rørsethornet.

– Men så er det stopp for min del. Eg ser det ikkje aktuelt at kommunen skal stå bak trapper på andre lokale fjell, sa Reiten.

I vedtaket løyver kommunen inn til 4 millionar kroner i støtte til trapper til Rørsethornet.