Malmefjorden: – Vi hadde ikkje bygd om vi ikkje hadde hatt denne magiske tomta, seier Rolf Nerland. Han er dagleg leiar i Nerland Autosalg, og eig bedrifta saman med broren, Per Ove Nerland.

Dei har no reist eit nytt hovudkvarter midt i Malmefjorden.

– Lokasjonen er heilt kanon. Vi er berre seks minutt unna flyplassen, har eit busstopp to meter unna med avgang til byen kvar halvtime, og er eksponert mot hovudvegen. Det er den desidert beste tomta i kommunen, seier ein oppglødd Rolf Nerland.

Amerikanarar

Nerland Autosalg har i 30 år selt amerikanske bilar, og importerer i dag på eige hand.

– Vi er ein av 3–4 importørar av amerikanske bilar i Noreg, og eg trur vi godt kan seie at vi er den største i landet. Kvart år sel vi 250 bilar, men satsar på å auke betydeleg med nybygget. Eg trur det skal gå å doble kapasiteten, seier Nerland.

Fræna-bedrifta hentar inn mange bilar av merka Chrysler og Dodge, og sel dei vidare til kundar over heile landet.

– 80-90% av salet går utanbys. Det er fole enkelt å selje uansett kor kundane bur, for vi ligg midt i landet. Lokasjonen kunne ikkje blitt betre, seier Nerland.

Miljøvennleg

Inne i utstillingssalen står det amerikanske truckar på rekke og rad. Under dei varmast golvet opp av grunnvarme, og over dei heng energieffektive LED-lys.

– Vi var meir opptatt av at det skulle vere billig å drifte, enn at det skulle vere billig å bygge. Bygget blei ein del dyrare enn det kunne blitt, men det tar vi inn på 5–10 år. Bygget skal stå i lang tid framover, og vi sparar pengar i det lange løp, seier Nerland.

For å få grunnvarmen har Nerland grave ti brønnar ned 225 meter. Der ligg temperaturen på 6–7 grader året rundt.

– Det er ein vanvitig komfort med varme golv. Det tar all fukta, og vi kan sette termostaten 2–3 grader lågare og få same temperaturen. Eg har blitt veldig interessert i korleis ein kan varme bygg, og eg trur ikkje vi kunne fått det til betre, seier Nerland.

Ingen mellommann

Dei førre 35 åra i bransjen har Nerland Autosalg vore i eit bygg fire gonger mindre enn i dag.

– Det var utruleg trongt, og kapasiteten var sprengt. Behovet for eit større bygg tvang seg fram, seier Nerland.

Da nybygget skulle reisast var ikkje Nerland interessert i å leige inn nokon konsulent eller planleggar.

– Vi visste kva vi ville ha. Vi planla bygget sjølv, og leigde inn Consto til å bygge det. Det er best slik, utan noko mellommann som ska legge seg borti. Vi sat på pengeboka og gav klar beskjed om kva vi ville ha. Det er styrka vår, vi er bestemt og veit kva vi vil ha.

Spesielt tilpassa

Mykje av salet hos Nerland Autosalg går til privat næringsliv og offentlege etatar.

– Vi byggar gravferdsbilar, kommandobilar til brannvesenet, og mange andre slags bilar som er tilpassa forskjellige yrkesgrupper. Vi byggar dei om her på vår eigen verkstad, det gjer oss unike, seier Nerland.

Mykje plass

Etter tre veker i nybygget har ikkje Nerland slått seg heilt til rette enda.

– Det er veldig uvant å jobbe her, litt som å gå frå ein liten til ein stor bil. Òg bakdelen er at eg må gå litt lange avstandar, men det blir fole lett å få god trim da, seier Nerland.