Torvikbukt: Det som står mellom Lerøy Midt og ei dobling av produksjonen i Gjemnes, er ifølgje Helge Endresen mangel på lokalitetar.

– Vi vil sette ut dobbelt så mykje fisk, vi treng berre stad gjere det på, seier Helge Endresen, driftssjef for Lerøy Midt.

Lerøy Midt, delt inn i Lerøy Nordmøre og Lerøy Sør-Trøndelag har i dag tre aktive anlegg i Gjemnes kommune.

– Til saman i Lerøy Midt har vi 55 konsesjonar. Dei tre anlegga i Gjemnes er på tre konsesjonar kvar, seier Endresen.

Alle tre anlegga, Høybuvika, Naustneset og Skjølsvik, er i Tingvollfjorden, inntil land på Gjemnes-sida. Årleg har dei ein omsetnad på 500-700 millionar kroner, avhengig av prisen dei får på fisken.

Lang strid

Målet om ei dobling er framleis eit stykke unna for Lerøy, som lenge har vilja utvide.

– Vi har heldt på i fleire år med å få lov til å sette opp fleire anlegg. Gjemnes kommune har vore veldig velvilja, men Fiskeridirektoratet har sett ein stoppar for det meste, fortel Endresen.

Saman med fleire andre kommunar på Nordmøre har Gjemnes laga ein interkommunal sjøarealplan. Han skal snart ut på ei ny høyring, men gir allereie Lerøy håp.

– Vi veit ingenting for sikkert, men det ser positivt ut på Slettneset, rett nord for Torvikbukt. I første omgang kan vi få tre konsesjonar på den lokaliteten, det blir ei auke på 33 prosent for Lerøy i Gjemnes, seier Endresen.

Kommunen positiv

Ordførar Knut Sjømæling, og arealplanleggar Olav Inge Hoem i Gjemnes kommune var begge på Gjemnes Næringsforum. Der la dei fram den nye interkommunale sjøarealplanen.

– Alle kommunane rundt fjordsystemet er med på arealplanen, og vi skal saman finne ut kva slags berekraft vi har her i fjorden, seier Sjømæling.

På arealplanen var det fleire område merka ut som moglege lokalitetar for fiskeoppdrett.

– Fiskeoppdrett er ei viktig næring for oss. Den gir mange arbeidsplassar og positive ringverknader i lokalsamfunnet, fortel Sjømæling.

Gode sjansar

– Sånn som det er i dag så gir kommunen løyve til bruk av arealet, fylkesmannen gir utsleppsløyve og fylkeskommunen konsesjon. Vi gir dei gladeleg areal, og med ein interkommunal plan blir det enklare for fylket å godkjenne søknadar, seier Hoem.

Når sjøarealplanen blir godkjend, vil det vere fleire område Lerøy kan søke om å få bruke. Ordføraren trur sjansane for grønt lys frå er høge:

– Fjorden her er godt egna for oppdrett, med god djupn og gode straumforhold. Samstundes er oppdrett eit satsingsområdet for myndigheitene, så eg vil seie utsiktene for Lerøy er gode.

Nordmørsmodellen

Mange ottast for forureining, når det skal kome nye fiskeoppdrettsanlegg. Ordføraren tok fram det som Lerøy kallar Nordmørsmodellen, som ein fin måte å takle det på.

– Med Nordmørsmodellen flyttar ein lokalitetane lengre ut i fjorden. Der får ein meir djupn, og betre gjennomstrøyming. I tillegg ligg anlegga brakke halve året, fortalde Sjømæling.

Endresen utdjupa.

– Det er eit krav på to månadar med brakklegging etter at ein har hausta fisken, men vi lar dei ligge i eit halvt år. I den tida har vi fisken inne på settefiskanlegg, så dei kan vekse der. Men vi ser òg på måtar å gjere noko med forureininga som kan skje ved anlegg. Å støvsuge havbotnen, og la det tørke på land har vore eit alternativ vi har sett har verka i liten skala.

Har sjøområde: Ordførar Knut Sjømæling viste fram ei ny sjøområdeplan, utarbeidd i samarbeid med dei andre kommunane rundt fjordsystemet. Her saman med kommunalsjef Olav Inge Hoem. Foto: Svein Olav Sæter
INTERKOMMUNALT: Den nye sjøområdeplanen viser dei noverande anlegga til høgre, i mørk farge, og dei nye i lyseblå. Foto: Gjemnes kommune