– Endeleg er vi i gang. Det er nesten utruleg, seier ordførar Odd Helge Gangstad entusiastisk.

– Folk trur knapt det dei ser. Mange hadde nok nesten gitt opp at vi skulle komme så langt som å få ei løysing på dette. Men no set vi ein strek over det som har vore, og gler oss, seier Gangstad.

Sprenger og fyller

Etter svært mange rundar med «fram og tilbake» av ymse slag, er no midsundfirmaet Opstad maskin på oppdrag frå kommunen i gang med grunnarbeid på tomta ved Antonbua.

Til utfylling i sjøen vert det brukt stein frå Straumsneshaugen, like ved brua. Her er vegen lagt om ein periode i samband med sprenging.

– Vi sprenger ut stein fortløpande, stort sett ein gong for dag. Vegen er dekka til for å skjerme den i sprengingsperioden, seier Karstein Opstad, dagleg leiar i Opstad maskin.

Han reknar med at dette arbeidet vil vare ein månads tid.

– Betyr mykje

– Dette er begynnelsen på eit stor ansiktsløft, og vil ha mykje å bety for Midsund sentrum. Det er jubel og optimisme for dei aller fleste, for at arbeida no er i gang, seier Gangstad.

Antonbua blir med vidare

Utfyllinga er første steg på vegen mot ny utbygging av sentrumsområdet, der det skal bli nytt administrasjonsbygg for kommunen, nytt fiskerisenter og andre kontor.

– Så kva skjer no med Antonbua?

– Den eldste delen av bua skal integrerast i utbygginga. Korleis er ikkje heilt avgjort enno, vi ser for oss at det kan bli kontor, møterom eller kantine i nybygget. Det vert litt opp til kva arkitektane lanserer når dei kjem med sine løysingar, seier Gangstad.

Arkitektkonkurranse

Eit knippe utvalde arkitektar kjem om eit par veker til Midsund på synfaring, og får så sommaren på seg for å lage forslag. Gangstad reknar så med at det vil gå slag i slag.

– Håpet og planen er at vi skal i gang med utbygginga til hausten, seier Gangstad.

I anleggstida vert vegen lagt om ved Straumsneshaugen, der masse til utfyllinga vert henta. Foto: Anders Brandsæter