Den tidlegare museumslektoren avslutta med at om han skulle ha bestemt, hadde han valt Hustadvika.

– Men vi lever i eit demokrati, det er du som bestemmer, sa han til kvar einskilt i den talrike forsamlinga.

Austigard tok for seg dei fire namnekandidatane som er med i finalen, og analyserte ulike sider ved dei:

Freneid(e)

Førsteleddet Fren- vil vere attkjennande frå Fræna kommune, og med Eide-namnet fullt ut, får ein Freneide. Det er eit forsonande namn.

Preposisjonsbruken må bli: i Freneide kommune / på Freneide. Kva blir innbyggarane – ein freneiding/frenessar?

Hustad

Hustad er eit kort og greitt namn, det har lange tradisjonar, er lett å skrive, men det finst fleire stader i landet – minst fem.

Namnet er innarbeidd som kyrkjesokn, Hustad barne- og ungdomsskole, Hustad fengsel med meir.

Preposisjonsbruken må bli: i Hustad og på Hustad. Og innbyggarnamnet – ein hustadar, hustading, stemling?

Hustadvik(a)

Namnet er kjent, lett å plassere for folk i «heile landet», det femner over båe kommunane, er lett å skrive.

– Forma Hustadvika vil føre vidare tradisjonen med Frenen – altså i bestemt form. Med forma Hustadvik blir tradisjonane frå dei gamle byråkratane ført vidare. No bestemmer folket, poengterte Austigard.

Preposisjonsbruken må bli: i Hustadvika kommune / på Hustadvika. Innbyggarnamnet: ein hustadviking.

Vågeid(e)

– Dette blir for ukjent. Vågøy-namnet er gammalt, men lite brukt i dag utanom Vågøy kyrkje. Her kan det fort bli samanblandingar med andre namn, spesielt Vågsøy kommune i Nordfjord, hevda foredragshaldaren.

Han la til at å-en er problematisk i vår digitale tid.

Preposisjonsbruken må bli: i Vågeid(e). Innbyggarnamnet blir ein vågeiding / vågeidsar?

Tenkt test

Austigard gjorde eit tankeeksperiment, der han sette kandidatane opp mot kvarandre.

– Sjå for deg at desse namna blir hengt opp på ein plakat i Oslo, Ringsaker, Kristiansand, Bergen, Trondheim, Bodø og Tromsø: Freneid(e), Hustad, Hustadvik(a), Vågeid(e). Spørsmålet til publikum er: «Kva fylke ligg dei fire kommunane i?». Mi tru er at Hustadvika vil vinne, slutta Bjørn Austigard.

To namn skil seg ut

To namn ser ut til å ligge nokså likt an i innspurten. Resultatet av ei testavstemming i møtesalen syner at nykommunen truleg kjem til å heite Freneid(e) eller Hustadvik(a).

Folk kunne bruke telefonen og stemme på nettadressa http://bit.ly/enkonavn (er open for avstemming fram til midnatt søndag 28. mai).

Resultatet vart 156 stemmer til Freneid(e) og 147 til Hustadvik(a). Vågeid(e) fikk 7 og Hustad 3 stemmer.

Tysdag 13. juni skal fellesnemnda kome med si tilrådingtil nytt kommunenavn.

Bjørn Austigard heldt eit fengslande og humoristisk foredrag om stadnamn. Foto: Oddbjørn Harnes
Mellom 400 og 500 personar møtte opp i finvêret på folkemøtet i Eidehallen tysdag kveld. Foto: Oddbjørn Harnes