MIDSUND: – Det meste er klart! seier arrangørane av Midsundfestivalen, og ser fram til ei aktiv helg midt i juli.

– Vi er særleg fornøgde med å få irske Andrew Strong frå The Commitments med orkester hit. Det har vi prøvd på fleire år, og i år lykkast det. Spennande! seier Frits Inge Godø i festivalstyret.

Frå filmen The Commitments

Andrew Strong spelte som 16-åring rolla Deco Cuffe i kultfilmen The Commitments frå 1991, og vart kjend og hylla for sitt uttrykk og soulstemme.

Han vart også nominert til ein Grammy som medlem av The Commitments, har gitt ut ei rekke album, og turnert med artistar som The Rolling Stones, Elton John, Prince, Lenny Kravitz and Bryan Adams.

«Mustang Sally»

Momentium i Ålesund hadde Strong på plakaten i fjor haust.

– Den konserten vart utselt på kort tid, så vi har store forhåpningar til denne konserten, seier Godø. Han gler seg til «Mustang Sally», som blei ei landeplage da filmen hadde premiere.

På Strongs turnéplan står Midsundfestivalen oppført saman med scener som Windsor Racecourse, festivalar i Danmark og show i Dubai.

Elvishyllest

Strong & The Commitments står på scena i Midsund fredag 14. juli. Det gjer også Morgan Vøien frå Bud med sitt Elvis-show med 15 musikarar.

Vøien er mellom anna kjend for sin tredjeplass i The European Elvis Championships i år, der han konkurrerte med over 50 deltakarar.

Vassendgutane

Laurdagen vert det kulturkonsert på dagtid med Midsund kulturskule og kristiansundgitaristen Odin Landbakk, kjend frå Norske talenter.

På kvelden stiller Landbakk igjen, og da kjem også Vassendgutane på scena i Midsund.

– Dei er populære, og sterkt ønska her. Som festival prøver vi å få med musikk som «menigmann» gjerne vil ha, seie Godø.

På programmet står også Polyester Band med 90-tals show.

Folkeleg

– Midsundfestivalen vidarefører profilen med innarbeidde artistar som har halde på ei stund?

– Vi satsar på folkeleg musikk, og hentar gjerne artistar som gjorde seg kjende litt tilbake i tid. Slik får vi god musikk til ein overkommeleg pris, seier Frits Inge Godø i festivalstyret.

God økonomi

Han poengterer at denne linja har vore vellykka og har sikra festivalen god økonomi og årlege overskot.

– Vi held til på ein omflødd holme, så det er litt avgrensa kva publikum og billettinntekter vi kan rekne med.  Men vi opplever også at folk er interesserte og gjerne vil komme. Det brukar vere innrykk av både utflytta midsundingar som tek turen heimover, ungdom, og ikkje minst båtfolk, seier Godø. Og viser til at det i fjor vart selt  rundt 1.900 billettar, året før om lag 2.500.

– Vi har kvart år tilbakeført pengar til idrettslag og andre som stiller opp, ved å betale  200–250 kroner timen til dei som hjelper til, seier Godø.

Trappeløp

Også søndagen har festivalen program, vert det sett opp kyrkjekonsert med Hans Inge Fagervik og lokalt kor.

Dessutan vert det som tidlegare år fysiske utfordringar – men i år av eit anna slag enn før. Triatlon vert i år bytta ut med fjelløp opp og ned Midsundtrappene, opplyser Godø.

– Vi har hatt triatlon i 11–12 år, så det er på tide å tenke litt nytt. No har vi den fine løypa med trapper opp til Digergubben, kanskje legg vi løypa også vidare til eit anna fjell. Vi trur dette vil appellere til fleire, med både trimklasse og fjelløp, seier Godø.