Nesset kommunes rekneskap for 2016 viser overskot på 4,98 millionar kroner. Netto driftsresultat var på 3,7 millionar kroner, som er 1,3 prosent av driftsinntektene.

– Gode tenester

Rådmann Anne Grete Klokset poengterer at kommunens oppgåve er tenesteproduksjon for innbyggarane, og at Nesset leverer gode tenester. – Nesset kommune hadde i 2016 historisk høg aktivitet både målt i tenesteproduksjon og omsetning. Samtidig har det vore stort fokus på å ha god økonomistyring, og å redusere utgiftene på einingane, ifølgje Klokset.

Pluss

Av kommunens årsrapport går det fram at sal av kommunens konsesjonskraft gav ei meirinntekt på 1,9 millionar kroner, og skatt og rammeoverføring gav meirinntekt på 0,9 millionar kroner. Kompensasjonsinntekter gav meirinntekt på 0,8 millionar kroner, og opprydding i bruk av bundne fond som er brukt tidlegare rekneskapsår, 0,9 millionar kroner.

Netto innsparing på renter og kalkulatoriske inntekter var på 0,6 millionar kroner.

Dei kommunale einingane hadde eit mindreforbruk på 72.000 kroner.

Nesset kommune innførte eigedomsskatt frå 2015.

Ifølgje årsrapporten for 2016 var det for fjoråret svikt i inntekter frå eigedomsskatten på 0,1 millionar kroner.

Til fond

Rådmann Klokset tilrådde at 2016-overskotet på nær 5 millionar kroner burde settast på disposisjonsfond.

– Det er viktig å ha ein buffer, når ytre rammevilkår kan vere nokså uforutsigbare, kommenterte rådmannen.

Kommunestyret roste i sist møte årsrapporten og vedtok samrøystes rådmannens tilråding.