Det vart ein omfattande debatt da lokalpolitikarane i Nesset før helga skulle vedta uttale til Miljødirektoratets høyringsrunde, om søknad frå Bergmesteren Raudsand for etablering av deponi for ordinært avfall.

Mottak av forureina massar

Deponiet er tenkt anlagt oppe på fjellet i eit tidlegare dagbrot for uttak av jarnmalm. Det skal ta imot forureina lausmassar frå bygg- og anleggsverksemd, som forureina massar frå urbane og industrielle område, sediment frå mudringsoperasjonar, betong, skytebanemasse, gateoppsop og restfraksjon frå behandla borkaks – med forureining under grensa for farleg avfall.

Skal dekke sekkane

Massane skal nyttast til å dekke til sekkar/big-bags med møllestøv, ca. 30.000 tonn, som er lagra i eit tidlegare dagbrot på gruveområdet. Terrenget skal så tilbakestillast. Søknaden omfattar deponidrift for 25 år, med opplegg for etterdrift i minst 30 år. Rådmannens innstilling var positiv.

Kritiske

Mange politikarane var meir kritiske.

– Det blir for lettvint å berre dekke over søppel med søppel, det held ikkje, sa Ivar Trælvik (Frp).

Anders Torvik (Ap) stilte spørsmål til ordføraren om saka, og kravde på vegner av Nesset Arbeiderparti dobbelt membran under det gamle deponiet av møllestøvsekkar.

– I Norconsults rapport om forholda, går det fram at det ikkje kan garanterast at utslepp ikkje når ned til sjøen, og at sigevatn med lekkasje av giftig fluorid har auka. Slik kan vi ikkje ha det. Vi treng også å vite meir om kva som faktisk er lagra i desse sekkane – vi har sett at nokre av dei er stempla «Ukraina», sa Torvik.

Mellvin Steinsvoll følgde opp og poengterte at staten må inn og ta ansvar i oppryddinga.

– Ny næring

Ordførar Rolf Jonas Hurlen vektla at det er ønskeleg med ny aktivitet på Raudsand, og at planen er i tråd med kommunens næringspolitiske plan. Han viste også til at den kommande konsekvensutgreiinga vil gi fleire svar når den kjem til hausten.

Svein Atle Roset (KrF) ville mellom anna ha med krav om at det ikkje skal komme smittefarleg eller radioaktivt avfall, og la fram eit alternativt forslag til vedtak. I dette var det også poengtert ønske om alternative og meir miljøvennlege løysingar for å sikre deponiet.

Fryktar stopp

Toril Melheim Strand (Ap) sa at det også var viktig at området no skulle bli fint igjen, og at ein ikkje måtte hausse opp mulege problem.

Jan Ståle Alme (Innbyggarlista) og Arild Svensli (H) poengterte at ein no måtte vere forsiktige med krav, så ikkje alt stoppa opp igjen.

– Desto meir vi rotar borti dette, desto større er faren for at alt stoppar opp igjen, sa Svensli.

Krav om dobbelt sikring

Etter debatt og gruppemøte, kom politikarane fram til eit fellesforslag som eit fleirtal på 16 av 21 stilte seg bak. Her heiter det mellom anna at Nesset kommune er positive til at det endeleg vert rydda opp der møllestøvsekkane ligg.

– Men for at utsleppa skal bli ubetydelege, krev Nesset kommune at det vert sett krav om dobbelt botntetting, spesielt under dei gamle møllestøvsekkane, heiter det i vedtaket. Det vert også stilt spørsmål om alternative og meir miljøvennlege løysingar for å sikre deponiet av lagra masse, og poengtert at staten må ta ansvar for opprydding på eigen grunn.

Det vert poengtert at det ikkje må opnast for dispensasjon for å ta inn farleg avfall, med opplisting av ei rekke typar avfall kommunestyret ikkje vil ha der, mellom anna smittefarleg og radioaktivt avfall.

Politikarane i Nesset kommunestyre diskuterte seg fram til fellesforslag. Foto: Anita Vingen