Aukra: – Formålet til Gass-ROR er å få på plass regional infrastruktur – veg, bruer, flyplassar og meir. Om det er noko som skulle passe med det formålet, så er det Kjerringsundet, seier ordførar i Aukra kommune, Bernhard Riksfjord.

Aukra og Aksen

Kjerringsundet skal bygge bru frå Gossen til Otrøya og, saman med brua over Julsundet, knytte Gossen til fastlandet.

– Det blir ikkje noko kommuneveg, det blir ein fylkesveg og ein riksveg. Sjølv om vegen ikkje lenger er i Møreaksen, meiner vi at Gass-ROR skal ta ansvar denne gongen, fortel Riksfjord.

Sidan det interkommunale selskapet blei skipa i 2005 har Gass-ROR støtta fleire samferdsleprosjekt i området, blant anna Møreaksen, Haukabøtunnelen, og Molde Lufthamns forlenging.

Dei tidlegare løyvingane til liknande prosjekt la grunnlaget for Riksfjords forslag om å oppmode Kjerringsundet AS til å søke Gass-ROR IKS om dekning for 4,85 millionar kroner, som da vil gå tilbake til Aukra kommune.

Samrøystes vedteken

Forslaget blei samrøystes vedteken i formannskapet på måndag, og skal den 23. mai opp i kommunestyret.

– Eg har stor grunn til å tru at forslaget går igjennom hos kommunestyret. Om det ikkje blir samrøystes, så i alle fall med eit stort fleirtal, seier ordføraren.

Riksfjord var like optimistisk på at midlar frå Gass-ROR skulle komme.

– Dette må vere heilt i tråd med formålsparagrafen deira.

Ferdig i år

Kjerringsundet blei skipa i 2014, men ordføraren kan melde at planleggingsarbeidet blir ferdig allereie i år.

– Vi er på oppløpssida no. Planlegginga skal bli ferdig i år, sjølv om det er mogleg at nokre delar av arbeidet kan bli litt seinare ferdig enn forventa, seier Bernhard Riksfjord.