Molde: – Når eit heilt russekull uttrykker noko, så er det ikkje utan grunn. Ut ifrå det dei hadde i årets borgartoget, så begynte eg å tenke at kanskje vi skulle vore flinkare til å spør elevane kor nøgd dei er, og om det er noko dei sjølv føler manglar, seier Nerland.

Betre seksualundervisning

Russens tema var «betre seksualundervisning i skulen», og togsjefane meiner det var store manglar når dei sjølv gjekk på ungdomsskulen.

– På Bekkevoll har vi seksualundervisning i naturfag, slik det er læreplanfesta, og alle 9. klassar får besøk frå Senter mot incest og seksuelle overgrep, som tar for seg grenser og respekt. Saman med andre tiltak, til dømes Veke sex, meiner eg vi tar opp seksualitet på ein god og tilstrekkeleg måte. Men det er jo ikkje sikkert ungdommen føler det er nok, seier rektoren.

Ho vurderar no å sjå kva ho kan gjere, saman med helsesøter, for å undersøke kva elevane tenker om temaet, så undervisninga kan bli betre.