Molde: – Veldig mange av årets russ fekk aldri noko særleg til undervisning om sex og seksualitet på skulen. Da vi hadde ei ope røysting om val av årets tema ville dei fleste derfor gjere folk merksam på det problemet, seier Astri Rød Husøy, togsjef for russen ved Molde vidaregåande skule.

Uvitande

Årets russekull hadde seksualundervisning i naturfag, med eit kapittel i 6. klasse, og eit i 9. klasse. Det meiner dei ikkje er nok.

– På ungdomsskulen fekk vi berre stille spørsmål rundt det psykiske med sex. Men vi visste jo ikkje kva det var vi ikkje visste, så vi hadde ingen spørsmål. Da vi stilte læraren eit spørsmål om det fysiske, nekta han å svare. Det er ikkje bra nok, seier Husøy.

Ansvar for eiga læring

Med usvara spørsmål søkte mange etter kunnskap på mindre pålitelege kjelder.

– Vi fekk ikkje svar på det fysiske på skulen, så fleire har lært det dei kan frå porno. Ein lærer meir frå det, enn på skulen, sånn burde det ikkje vere, seier Husøy.

Ho får støtte frå togsjefen for russen ved Romsdal vidaregåande skule, Guro Røberg.

– Det meste vi lærte om sex og seksualitet var på internett. Det var mykje porno, eller mindre pålitelege sider. Det kan bli mange vrangførestillingar av slikt, fortel Røberg.

Lov å vere annleis

Mange av songane til russen har fått merksemd for innhaldet i teksten, Røberg synest det kanskje ikkje er så rart at nokre har det synet dei har på sex.

– Klassane eg var i lærte aldri noko om respekt når det kom til sex. Vi putta kondom på ein banan, og det var alt. Det kan jo vere ein grunn til at tenåringar har det bildet på seksualitet som kjem til uttrykk i nokre av russesongane. Vi får ikkje noko strukturert opplæring om det.

Når det psykiske blir ignorert fører det òg til at mange ikkje er komfortabel med å snakke om akkurat det, meiner Røberg.

– Når vi aldri har om seksualitet og det mentale trur eg det kan vere veldig vanskeleg å snakke om, for eksempel, det å vere homofil. Det kan ikkje vere lett å komme ut av skapet når det er noko vi aldri snakkar om, seier Røberg.

Meir sex i ungdomsskulen

Dei to togsjefane er samd om korleis seksualundervisninga kunne blitt betre.

– Eg trur det hadde heldt med undervisning på ungdomsskulen, men i tillegg til meir læring, må det sjølvsagt også vere betre. Lærarane må svare på spørsmåla elevane har, viss ikkje drar dei på internett, og vi får eit slags pornosamfunn, seier Husøy.

– Eg synest seksualitet og sex burde bli jamleg tatt opp og repetert i skulen. Da kan vi gå litt lengre enn berre det grunnleggande fysiske, seier Røberg.

Røberg meiner òg det hadde vore fint om lærarane fekk opplæring i akkurat korleis ein går fram med seksualundervisning.

– Om lærarane ikkje synest dei kan ta seksualundervisninga på ein god måte, så kunne vi kanskje fått inn nokon som jobbar med det, som ei helsesøster, seier Røberg.

Gjekk bra

Russen vann ikkje årets innslag i borgartoget, men dei er nøgd med eiga innsats.

– Det er eit veldig viktig tema, og eg trur fleire har det på tankane no, sjølv har eg måtta reflektere litt over kva det var eg faktisk lærte og ikkje lærte på skulen, fortel Røberg.

– Eg synest vi fekk fram problemet på ein bra måte, vi prøvde å ikkje vere for dryg, seier Husøy.

Feil: Guro Røberg meiner mange får vrangførestillingar når dei berre lærer frå porno. Foto: Privat
Ulært: Astri Rød Husøy lærte aldri om sex på skulen. Foto: Privat