Gjemnes: – Det er andre gongen saman no. Det kom eit par hundre i fjor, og så mange har vi ikkje plass til inne her, men vi håpar likevel dei kjem, seier Eli Schjølberg, leiar av 17. mai-komiteen, før feiringa har kome i gang.

Det som før var tre skolekretsar har blitt til ein, og da tok det heller ikkje lang tid før det som før var tre tog blei til eit. I år samla dei tre bygdene i indre Gjemnes seg på Heggem, for å markere nasjonaldagen.

Bygdestrid

– Det var litt bygdestrid før. Alle skulle ha eigen skule og eigen butikk, men no har vi berre ein skule og ein butikk her, så det er ikkje noko å slåst om lenger, fortel Vigdis Heggem.

Feiringa går no på rundgang mellom Flemma, Angvik, og Osmarka.

– Det blir fleire folk, men det kan jo vere artig det òg, seier Heggem.

Første gong

– Eg flytta heim att til Gjemnes i slutten av mai i fjor, så dette er noko eg ikkje har fått med meg før, seier Joakim Flemsæter.

Familiefaren har òg med seg ei dotter, som feirar sin første 17. mai nokon gong, og ein sambuar frå Akershus. Sonen går i toget.

– Det er ei fin feiring her, og fint vêr, seier Flemsæter.

Ein vanleg dag

Blant dei som ikkje enda har flytta heimanfrå er ikkje begeistringa for dagen like stor.

– Det er eigentleg litt keisamt. Vi samlast, syng og et mat, det kunne vi vel like gjerne gjort heime, seier Rebekka Sanness, som for første gong brukar bunaden ho fekk tidlegare i år til konfirmasjonen.

– Det er ein korleis som helst dag, eg skulle heller vore heime og sove, seier ho.

Som gammal vin

Den eine skulen som er att er i Angvik. Rektor Terje Humstad var sjølvsagt til stades.

– Det er artig å treffe dei unge på ein dag som dette. Rundt 80 % av dei er her i dag, og det er kjekt å sjå at dei er så glad, seier Humstad.

Rektoren koser seg blant dei unge, men meiner det har sin sjarm å vere eldre også.

– Nasjonaldagen blir større når du blir gammal. Vi ser på livet rundt oss, og kjenner kor bra vi har det i fredfulle Noreg. Det er ei kjensle eg trur blir sterkare med åra, fortel Humstad.

Perspektivet dei eldre har, meiner rektoren det er viktig å dele med dei små.

– Det er ein fin dag å formidle til neste generasjon verdien av det å bu i eit fritt land, med samhald, og fridomen til å vere seg sjølv. Spesielt det å kunne vere seg sjølv meiner eg vi må snakke om, da det ofte er strøymingar i samfunnet som ikkje vil ha det slik, seier Humstad.