På Gossen spelte vegudane med på laget då årets 17. mai-tog starta på Aukrasanden. Med taktfast musikk frå dei trofaste musikarane i Gossen Musikkorps og Gossen skolekorps gjekk turen innom Aukraheimen, der det vart spelt, sunge og halde talar. Unge Jenny Hukkelberg Roberts, som nettopp har vendt heim frå eit opphald i Afrika, rørte mange med orda sine om takksemd og kor lite som skal til å for å gjere andre glad.

Ved endestasjon Gossen barne- og ungdomsskole vart skoleklassene som laga mest og best liv i 17. mai-toget kåra og Gosse-sangen avspelt, før alle vart invitert til kaker, kaffe, is og brus inne på skolen, i regi av 9.klasse.

– Vi har gått i toget, ropt «hurra» og prøvd å synge nasjonalsangen. Den er litt vanskelig, men vi prøver! Teklemicael Walday smiler og ristar litt på hovudet. «Ja, vi elsker» er ikkje lett for ein eritrear som har vore i Norge kun eit par år.

– Dette er den andre nasjonaldagen vi feirar i Norge. Det er så flott å sjå dei tradisjonelle norske kleda, treffe folk og småprate litt, legg han til.

– Det er veldig koselig og vi storkosar oss, legg Nazret Aregay til. Dattra Dilyet har fått seg bunad og raud sløyfe i håret – neste stopp er kaker og is på skolen.