– Det er mange konferansar der ute. Dei fleste famnar vidt, og bruker store ord. Vi skal gjere det folkeleg, og verkeleg ta det på eit nivå folk kan forstå, seier Olav Gjerland, banksjef Sparebank 1 SMN og styremedlem av Protomore.

Verdas navle

Konferansen 8. juni er eit samarbeid mellom Sparebank 1 SMN, iKuben, Protomore og fylkeskommunen. Saman valde dei Molde som samlingspunkt.

– Molde har eit spennande næringsliv, som vi vil sette på kartet. Vi vil bli synleg, og vise at vi ikkje berre sit og syt over oljeprisen, seier dagleg leiar i iKuben, Hilde Aspås.

Bedriftene snakkar saman

iKuben er ei tverr-industriell klynge av bedrifter, dei fleste av dei i Møre og Romsdal. Saman skal dei vere betre førebudde på ei digital framtid.

– Vi bygger ein delingskultur. Bedriftene i iKuben fortel kvarandre korleis det jobbar med det digitale, og det er det som skal skje på konferansen også, seier dagleg leiar i Protomore, Finn Amundsen.

Det offentlege og private

Fleire toppleiarar som har hatt suksess med digitalisering skal fortelje nøyaktig korleis dei har gjort det, det gjer at fylkeskommunen er interessert.

– Vi håpar det lokale næringslivet og lokale gründerar skal få idéar om korleis dei kan lykkes. Det er derfor fylket støttar konferansen. Når folk får høyre dei positive historiene, så vil kanskje fleire tørre å prøve sjølv, seier Ragna Brenne Bjerkeset, assisterande regional- og næringssjef i Møre og Romsdal fylkeskommune.

Omstilling i heile samfunnet

– Banken støtter dette fordi vi tener på at bedrifter og institusjoner beveger seg i positiv retning, og vi har ei eigeninteresse med at vi står sjølv midt oppi det. Mykje har skjedd innan finansiell teknologi, og det er noko å undre på om vi kjem til å ha tradisjonelle bankar i det heile tatt om ti år, seier Gjerland.

Ved ein tilfeldigheit var statssekretær for statsministeren, Torkild Hebbert Haukaas hos Protomore da Budstikka var innom. Han stilte seg svært positiv til konferansen.