MOLDE: Valresultatet frå valet torsdag: Ingen kandidat fekk meir enn 50 prosent av stemmene, det må derfor gjennomførast ein ny valrunde mellom dei to som fekk flest stemmer. Dette er Steinar Kristioffersen med 34,7 prosent, og Heidi Haavardsen med 27, 2 prosent. Dato for nyval vert 23. mai. Det vert arrangert valdebatt mellom dei to gjenværande kandidatane 16. mai på Høgskolen.

Kandidaten Georg Panzer fekk 24,3 prosent av stemmane og Lise Halse fekk 13, 2.

Kø ved urna

Det var tidvis kø ved valurna i 90-metersskogen på Høgskolen i Molde torsdag, der tilsette og studentar ville stemt på dei fire rektorkandidatar.

Fire kandidatar

Rektor Hallgeir Gammelsæter går av som rektor i sommar, og til val for den kommande toårsperioden stilte kandidatane Lise Lillebrygfjeld Halse, Heidi Haavardsen, Steinar Kristoffersen og Georg Inge Iversen Panzer.

Valstemning

Rektorvalet har prega skolen den siste tida, og mange hadde førehandsstemt.

På valdagen var det også mange som engasjerte seg – og ein del om ikkje gjorde det.

Knapt 50 av om lag 200 tilsette hadde førehandsstemt, og også nokre får studentar hadde avlagt stemme før valet.

– Det er spennande med så mange kandidatar. Valdeltakinga blant tilsette er svært høg, dei aller fleste stemmer. Også ein del studentar stemmer, men tradisjonelt er eit fåtal studentar som engasjerer seg i rektorval, seier informasjonssjef Jens Petter Straumsheim ved Høgskolen i Molde.

– Viktig å stemme

Mellom dei tilsette som la si stemme i urna, var Karin Borgestrand.

– Kva rektor vi har, er viktig for høgskolen. Denne gongen var det struktursaka som avgjorde for min del, kommenterte Borgestrand.

Også Tone Hegdal stemde.

– At det er så mange kandidatar, gjer det spennande, men også litt vanskeleg. Dei står for fleire gode kvalitetar, ein må sjå på totalbildet, seier Hegdal.

«Rektorhjørnet»

Ein etasje opp, i enden av ein korridor, fann vi to av rektorkandidatane som har kontor ved sida av kvarandre.

– Det er artig med fleire kandidatar, da blir det litt liv og debatt. Inntrykket er at folk har sett seg inn i utfordringar og strategi, kommenterer Steinar Kristoffersen.

– Folk deltar fordi det er eit viktig val, og det er jo meir spennande sidan det er fleire kandidatar. Stort sett har det gått ryddig for seg, sjølv om temperaturen har stige i innspurten, seier Lise Lillebrygfjeld Halse.

Ikkje engasjert

Men ikkje alle var så opptekne av valet, mellom dei ein gjeng helsefagstudentar i kantina.

– Eg har ikkje følgt så nøye med på dette, og veit i grunnen lite om kva det handlar om, seier Ingrid Dalseth.

– Vi har meir enn nok med å henge med på det som skjer på skolen. Det er ei travel tid og ikkje det beste tidspunkt for val, seier Oda Brøndbo.

Engasjert

Ved valurna møtte vi studentane Andreas Selseth og Henrik Eldevik Bortheim, som derimot var klar på poenget med å stemme.

– Det er viktig å stemme ved rektorvalet, rektor skal jo også vareta studentanes interesser, kommenterer Selseth.

– Spørsmålet om å få studentane og høgskolen inn i byen vart avgjerande for kven eg stemde på, sa Eldevik Bortheim.