Rolv Sæter (SV) la fram forslaget som vart vedtatt.

– Det er ikkje berre spørsmål om fjellhallane blir tette eller ikkje, men det gjeld også omdømmet for dei som driv næring i området. Han viste til uttalen frå fire bygdelag i Indre Gjemnes.

– Eg synest uttalen frå bygdelaga er så god at vi kan stille oss bak den. Så får kommunestyret seinare uttale seg i høyringssamanheng, sa han.

Deponi-protest

Kommunestyret uroa

Hans forslag til uttale vart vedtatt med 14 mot 1 stemme:

«Kommunestyret i Gjemnes er uroa over planane om lagring av farleg uorganisk industriavfall på Raudsand i Nesset. Gjemnes kommune grensar tett opp til det planlagde avfallsdeponiet. Tingvollfjorden er ein viktig oppdretts- og laksefjord. Fjorden har også i tidlegare tider vore belasta og utsett for ureining frå den lokale industrien. Sjøtransporten av farleg avfall rundt halve norskekysten for deponering i Møre og Romsdal, er ein risiko i seg sjølv. Vi ber regjeringa stoppe planane om avfallsdeponi på Raudsand, og gå for eit anlegg på Austlandet der det meste av farleg uorganisk industriavfall også blir produsert.

Kommunestyret støttar innhaldet i den felles uttalen fråd ei fire bygdelaga i Indre Gjemnes: Vern om fjorden – nei til deponi.»

– Hastar å seie frå

Bjørnar Danielsen (Ap): – Statsministeren seier at ho vil legge deponiet på Raudsand dersom det ikkje er motstand lokalt. Miljøvernministeren seier det same. Det betyr at dei konkluderer før konsekvensutgreiinga. Skal vi ha eit ord med i laget, må vi uttale oss no. Eg støttar fullt ut forslaget frå SV-representanten. Det ser ut for at ordføraren i Nesset framleis lever i den tida då det var om å gjere å skape arbeidsplassar utan tanke på negative verknader. Eg vonar at Nesset kommunestyre har eit anna syn.

Han sa han var skremt av omfanget på avfallsverksemda: ein tankbåt og 20 trailarar per dag.

Borghild Neergaard Aarset (Sp) støtta forslaget fullt ut.

Ville vente

Heidi Hogset (V) kjente seg ikkje klar for å bli med på uttalen, ho ville vente til høyringa seinare. Hogset poengterte at ho for all del ikkje måtte takast som positiv til deponi, truleg ville også ho lande negativt.

– Fare for utslepp

Erland  Øren (H) sa seg samd i forslaget til Sæter.

Han heldt fram at Høgre i kommunestyret er skeptisk og imot deponiet, og at det er ein overhengende fare for utslepp til vårt felles matfat og fjord lenger enn ein kan sjå inn i framtida.

– Dette vil gå ut over omdømme og ikkje minst framtidige næringar i og ved fjorden! Snøballen har alt starta å rulle i denne saka, og vi må ta standpunkt no, poengterte Øren.

Fekk støtte

Per Karsten Schjølberg (Ap) støtta Hogset i å kvalitetssikre uttalen. Han sa at fleire opplysningar frå bygdelaga ikkje er korrekt.

Han foreslo at uttalen blir teken med når kommunestyret får deponisaka til hausten.

Hogset ville ha klarlagt om kommunestyret ville ta opp saka når den ikkje står på saklista.

Kommunestyret vedtok mot Schjølberg og Hogset sine stemmer at det skal uttale seg no.

Overraska

Rolv Sæter sa han var overraska over Venstre- og Ap-representanten. Han var redd mange tog ville vere gått når kommunestyret skal uttale seg fram mot jul.

– Venstre ser eg ikkje som eit grønt parti lenger, slo han fast.

Kjell Per Dønheim (Frp) minte om at Gjemnes har fleire nabokommunar som går sterkt imot, og at ein ikkje måtte gi inntrykk av at ein ville godta planane. Det må gå an å få fram eit vedtak i dag at vi er skeptisk, sa han.

– Plasser avfallet i sør

Johan Brandvik (Sp): - Vi skal ha eit vedtak i dag, eit størst mulig fleirtal imot.  Når alt avfallet kjem sørfrå, må det vel også vere rettast å plassere det der sør.

Ketil Sorthe (Ap) tok opp sakshandsaminga. Han kunne godt tenke seg å stemme for uttalen, men ville vente til saka kjem ferdig utgreidd utpå hausten.

Per Jostein Halset (Ap) takka Rolv Sæter for at han har tatt opp saka. Han ville støtte forslaget fullt ut.

– Båtfrakta farleg

Erik A. Bakke (Frp) støtta å gjere vedtak. Han drog fram båtfrakta som eit stort faremoment.