Strandryddedagar med stort oppmøte i Sandøy

Sandøy: I alt vart det samla inn om lag 52 kubikk med søppel.

På Ona/Husøy har tre gongar eige folketal deltatt.

Først ut var Uksnøy Villsaulag. Dei starta opp 11. mars med oppfølgingsdagar 1. april og 6. mai. Samla deltok det her i alt 22 stk. 15. mars hadde Sandøya sin ryddedag som vart arrangert av K & F Sandøy med 20 deltakarar. Finnøy Vel følgde opp den 20. mars med i alt 25 deltakarar.

På årets siste aksjonshelg kom harøyingane seg ut i fjøra. På laurdag samla Røsok bygdelag 25 personar for rydding på Røsok. Røsok ligg på vestsida av Harøya og her er det mykje søppel som samlar seg i dei mange flotte vikene.

Tau og garnrestar

Leiar i bygdelaget, Nina Liabø, fortel at det var eit overraskande godt frammøte i den kalde nordavinden som bles over øya. Til dugnadsinnsats brukte ein både traktor og båt for å få samla inn alt søppelet. Slike aksjonar er samlande og positiv for miljøet. Dei som ikkje deltok direkte i innsamlinga diska opp med kaffi og is. Det vart ei rett triveleg avslutning fortel Liabø.

Alle dei vi har snakka med fortel om at det er mykje havfiskerelatert søppel som tau og garnrestar, plastfiskekasser frå inn- og utland og alle typar oljekanner. Men også mykje «privat» søppel som plastbrusflasker, shampo-flasker og slikt. I det heile eit svært assortert internasjonalt søppel som driv rundt i vårt store og felles matfat.

Stor innsats på Ona og Husøya

Ona/Husøya har hatt to innsamlingsdagar, 7. og 15. april. I alt deltok 60 personar på dugnaden. Det er imponerande når ein veit at det er berre 20 fast busette på Ona/Husøya.

Den 7. april var det eit privat initiativ med Svein Bjørnerem i spissen. Dette var langfredag med mykje feriefolk på øya og i alt deltok heile 40 personar med stort og smått.

Veka etter var det Ona/Husøy Velforening sin årlege innsamlingsaksjon. Her deltok 20 stk. Leiar i Ona/Husøy Velforening, Oddgeir Viken, fortel at dei har arrangert ryddedagar heilt frå starten av for om lag 30 år sidan. Ryddinga går føre seg på sørsida der badestranda er og forbi gravplassen. Inntrykket som Viken har gjort seg er at forsøplinga er mindre no enn tidlegare.

Oddgeir Viken meiner at det også burde vore sett inn ein innsats for fuglefredingsområda på Røsholmen og Oterholmen aust for Ona. Her er det store mengder boss som er til skjemsel og fare for fugle- og dyrelivet på holmane. No er det derimot forbode å gå i land i hekketida frå 1. mai til 31. juli.

Svein Bjørnerem fortel at deira aksjon gjekk føre seg på ein del av Husøya der ingen har sett seg syn med å rydde tidlegare. Her var det veldig mykje søppel som har ligge over mange år og over eit veldig stort område. Inklusiv holmane vart om lag ein kilometer strandlinje rydda. Ein oppglødd Bjørnerem fortel om positive deltakarar, store som små, som utviste kjempeenergi.

– For alle vart det ei nyttig påminning om at alt heng saman. Der vi slenger frå oss ein stad dukkar gjerne opp som forsøpling hjå naboen. Ikkje berre søppel, men farleg søppel også, er hjartesukket frå Svein Bjørnerem.

Mye plast også i Molde

Slik oppsummerer Fran Stenløs i Molde Venstre deres aksjon:

– Sist lørdag ble den nasjonale Strandryddedagen markert. Molde Venstre deltok, og valgte å rydde et område på vestsiden av Bolsøya. På noen få timer plukket vi flere hundre kilo søppel og skrot, og godt over halvparten var plast. Vi fant blant annet både et brannslukningsapparat, lysstoffrør og flere 6 meters lange dreneringsrør, sammen med fenderdekk, isoporkasser og tauverk.

– Plasten vi fant ser ut for å stamme fra både landbruk, industri og private. Molde Venstre tenker at mesteparten av plasten havner i sjøen på grunn av uomtenksomhet. Rundballeplast, presenninger, tomme plastkanner etc. ligger usikret, inntil et stormkast kommer å blåser dette på sjøen. Vårt viktigste bidrag for å hindre at plast havner i havet, er å unngå at plasten blir tatt av vinden. Om hver og en gjør en innsats på dette feltet, vil livet i havet være oss evig takknemlig, sier Stenløs.

Strandrydding: Mykje av det som vart samla inn under ryddinga på øyane i Sandøy stammar frå verksemd til havs. Foto: Svein Ove Søholt
Ona/Husøya: Gjengen på bildet, pluss nokon fleire som kom til etter kvart, gjorde ein kjempeinnsats med fjørerydding på Husøya/Ona og holmane rundt langfredag. Foto: Svein Bjørnerem
Frakta vekk: Sandøy kommune ved Atle Viken tok jobben med å få alt bosset samla på bossplassen i Breivika. Foto: Svein Ove Søholt
Fra aksjonen i Molde Foto: Molde Venstre